Oral biologi del 2
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 6
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- OD2ORBI
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Undervisinga omfattar detaljerte førelesingar om normal utvikling, anatomi og histologisk bygnad av tenner, tanna sitt festeapparat, orale mukosa, spyttkjertlar og tilgrensande vevsområde og kjeveledd, samt normal innervasjon og karforsyning av tenner og tanna sitt festeapparat. I tillegg kjem undervising om tidsskjema for utvikling og frambrot av det primære og permanente tannsettet. Det vert også gitt døme på typiske utviklingsavvik i tyggjeapparat og orale vev.
I undervisinga inngår også nokre førelesingar i oral fysiologi om spyttkjertelfunksjon, pulpa sin fysiologi og tannsmerter. Målet er å forstå den normale utviklinga, bygnaden og funksjonen til veva, sjukdomsutvikling og smerter frå orale vev og ansikt, samt førebyggje sjukdom i desse veva.
Læringsutbyte
Etter fullført emne kan studenten:
Kunnskapar
- Definere grunnleggjande oralbiologiske omgrep.
- I detalj greie ut om anatomisk og histologisk bygnad og funksjonen til veva i munnhola og dei tilgrensande områda.
- Gje ei detaljert framstilling av normal utvikling, anatomi og histologisk bygnad av tenner, tanna sitt festeapparat, orale mukosa i forskjellige delar av munnhola, spyttkjertlar og tilgrensande vevsområde og kjeveledd, samt normal innervasjon og karforsyning av tenner og tanna sitt festeapparat.
- Ha kunnskap på tidsskjema for utvikling og frambrot av det primære og permanente tannsettet.
Ferdigheiter
- Nytte den tileigna detaljerte kunnskapen i oral biologi i samanheng med diagnostikk (normale, friske vev og organ versus ikkje-friske hos yngre og eldre pasientar), sjukdomsutvikling, utviklingsavvik, sjukdomsførebygging, og i kliniske inngrep seinare i det kliniske studiet og i arbeid med pasientar.
- Skildre den anatomiske, histologiske og fysiologiske bakgrunnen for kliniske orale problemstillingar.
- Beskrive tidsskjema for utvikling og erupsjon av primære og permanente tenner.
- Identifisere normale celler, vev og organ i munnhola og omgivande strukturar i vanlege histologiske snitt.
- Bestemme utviklingsstadium til kvar tann i unge pasientar basert på røntgenbilete.
Generell kompetanse
- Bruke lysmikroskop.
- Tileigne seg informasjon frå forskingsartiklar innan oral biologi og fysiologiske emne.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Gjennomført og bestått tredje semester i Integrert masterprogram i odontologi.
Oral biologi del 1 må vere godkjend før studenten kan ta kursdel 2.