Fordjuping og prosjektplan
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- PED314
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Siktemålet med emnet er å førebu studentane til det praktiske og teoretiske arbeidet med masteroppgåva. I emnet skal studentane velje eit tematisk område som dei skal fordjupe seg i og gjennomføre masterprosjektet innanfor. Emnet sine tematiske fordjupingsområder tar utgangspunkt i forskingskompetansen ved Institutt for pedagogikk. Gjennom litteraturstudiar, fag- og skriveseminar og rettleiing skal studentane utvikle ein prosjektplan som skal være utgangspunktet for masteroppgåva.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten...
- har god kunnskap om kva som kjenneteiknar det valde tematiske området
- har god kunnskap om perspektiv og teoriar med særleg relevans forn det valde tematiske området
- har god kunnskap om perspektiv og teoriar er relevante for eigen prosjektplan
- har god sjangerspesifikk kunnskap om utforming av prosjektplan
Ferdigheiter
Studenten...
- kan analysere eksisterande perspektiv, teoriar, metodar, forskingsresultat og fortolkingar innan det valde tematiske området
- kan utvikle relevante pedagogiske forskingsspørsmål med utgangspunkt i kunnskap om det valde tematiske området
- kan anvende fagleg og sjangerspesifikk kunnskap på sjølvstendig vis
- kan formidle munnleg og skriftleg frå og om det valde tematiske området
- kan utvikle og skrive ein prosjektplan innan fordjupingsområdet som legg grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva
Generell kompetanse
Studenten...
- kan bruke og forhalde seg kritisk til ulike faglege informasjonskjelder
- kan formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdets uttrykksformer
- kan finne, samanfatte og presentere fagleg kunnskap
Fulltid/deltid
Fulltid.
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master.
Undervisningssemester
Vår, annakvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om avgrensa undervising i det påfølgande haustsemesteret.
Undervisningssted
Bergen.
Krav til forkunnskaper
Ingen.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i pedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet nyttar introduksjonsførelesingar, litteraturstudiar, rettleiing, teksttilbakemelding og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske arbeidskrav i emnet er:
- Skriftleg og munnleg presentasjon med relevans for det valde tematiske området
- Munnleg tilbakemelding på medstudent sin munnlege presentasjon
- Levere utkast av prosjektplan til rettleiing
- Deltaking i 2/3 av undervisninga i emnet
Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne ta eksamen i emnet
Vurderingsformer
Eksamen er ein prosjektplan for masteroppgåva som gjev eit oversiktleg og realistisk inntrykk av arbeidet som blir planlagt
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen bestått/ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår, annakvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det påfølgande haustsemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Det blir forventa at studentane gjer seg kjent med ulike søkeportalar, for å finne relevant litteratur som supplerer litteraturlista innan det valde tematiske området.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarlig
Institutt for pedagogikk.
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk.
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet