Affekt og kognisjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- PSYK208
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet gjev brei kunnskap om tilhøvet mellom kognitive prosessar og affektive tilstandar. Fokus er både på korleis emosjonar er påverka av kognitive prosessar og korleis affektive tilstandar påverkar kognitive prosessar. Emnet gjev også spesifikk kunnskap om korleis utvalde kognitive prosessar er påverka av affekt. I tillegg tar emnet opp tilhøvet mellom affekt og bevisstheit, kognitive mekanismar i affektregulering, og kulturelle og individuelle forskjellar i affekt.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Etter fullført emne skal studenten:
- kjenne til og definere ulike former for affekt, inkludert emosjonar, affekt og kjensler.
- skildre og diskutere sentrale modellar for tilhøvet mellom affekt og kognisjon og sentrale funn som ser nærmare på desse modellane.
- ha innsikt i dei to hovudspørsmåla i faget: på kva slags måtar menneskeleg tenking er påverka av affekt, og i kva grad emosjonelle reaksjonar er påverka av kognitive prosessar.
- forklare korleis affektive tilstandar kan manipulerast og målast.
- ha innsikt i kva kognitiv vurdering er, samt drøfte betydinga av kognitiv vurdering for emosjonar.
- gjere greie for korleis affekt kan fungere som ei informasjonskjelde.
- definere affekt-priming, humørkongruens og humøravhengig hukommelse, og vise kva rolle affekt spelar i persepsjon, merksemd og hukommelse.
- kjenne til korleis problemløysing kan vere påverka av affekt.
- vite kva metakognitive kjensler er, og korleis desse kan studerast i hukommelse og problemløysing.
- forklare kva tid og korleis menneskelege vurderingar er påverka av affekt.
- ha innsikt i tilhøvet mellom affekt og avgjerdstaking (beslutningstaking), og kva ulike teoriar hevdar om nytteverdien av antesipert versus antesipatorisk affekt for avgjerder (beslutninger).
- forklare tilhøve mellom affekt og bevisstheit, og mellom affekt og intuisjon.
- vite kva som meinast med affektregulering, og kva rolle kognitive mekanismar spelar for affektregulering.
- gjere greie for ulike teoretiske syn på kulturelle forskjellar i oppleving av emosjonar og individuelle forskjellar i emosjonell intelligens.
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- samanlikne modellar og omgrep i faget opp mot kvarandre.
- bruke fagleg kunnskap for å forstå menneskeleg åtferd i aktuelle situasjonar.
- peike på svake og sterke sider ved sentrale teoriar og studiar i faget.
- formidle sentralt fagstoff skriftleg.
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- vere bevisste på korleis omgrep og modellar frå emnet kan brukast til å forstå menneskeleg åtferd.
- kunne sjølvstendig, og utan hjelpemiddel, gjere greie for sentrale problemstillingar, kunnskaper og metodar innanfor affekt og kognisjon
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust
Undervisningssted
Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Det er tilrådd at deltakarane har kunnskap i psykologi tilsvarande førsteårsstudiet i psykologi. Kjennskap til kognitiv psykologi er ein fordel ved deltaking på emnet.
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Emnet krev studierett på eit av følgjande studieprogram:
- Bachelorprogrammet i generell psykologi
- Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
- Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap
Arbeids- og undervisningsformer
Dei spesifikke måla kan bli nådde gjennom deltaking i organisert undervisning, sjølvstudium og samarbeid med medstudentar. Undervisninga er delt mellom nøkkelførelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen. Eksamen kan bli besvart på engelsk eller norsk (bokmål/nynorsk).
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel tillatne (med unntak av ikke-leksikalsk ordbok).
Programansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet