Spansk grammatikk I (nett)

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ei grundig innføring i moderne spansk grammatikk med vekt på spanskamerikanske variantar av språket.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap i moderne spansk grammatikk.
  • kan bruke fagleg kunnskap på teoretiske og praktiske problemstillingar i spansk grammatikk.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har djupare forståing for det spanske grammatiske systemet i høve til norsk.
  • har oppnådd større innsyn i spanskamerikanske variantar av det spanske språket.

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan analysere fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Nettbasert.

Dette emnet finst òg som vanleg campusstudium (SPLA107)

Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skule. Det er ein føremon å ha gjennomført EXFAC00SK Språk og Kommunikasjon.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA627 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA101, SLAN611 eller SPLA107.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går over ein 8-10 vekers periode, med ei digital førelesing og eit digitalt seminar for veka, ettersom ressursane tillet det. Det vert undervist i sentrale delar av grammatikkpensum. Det vert gjort bruk av studentaktive læringsformer med stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er minimum to obligatoriske oppgåver om utvalde tema frå pensum. Desse må skrivast på spansk og utførast innan fristen for aktivitetane. Kvar oppgåve vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Oppgåva må vera godkjend før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein skriftleg eksamen heime på spansk på 6 timar + 1 time med teknisk tilleggstid. Både språk og innhald vert vurdert, og er grunnlag for fastsetjing av karakter i emnet.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum er i hovedsak ein referansegrammatikk. Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne. Samarbeid mellom studentane er ikkje tillate under eksamen. Svar på eksamen vil bli sjekka for plagiat.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.