Grøn helse:Klimafokus i helsetenestene


Korleis påverkar klimaendringar helsetenestene – og kva kan vi gjere med det?

Dette arrangementet set søkelys på klimatiltak og viktigheita av klimabevisstheit i både primær- og spesialisthelsetenesta. Vi inviterer tilsette og studentar til eit inspirerande miniseminar med faglege innlegg og diskusjonar. Du får møte smittevernoverlege Marit Voltersvik frå Bergen kommune, miljørådgivar Kristin Blehr Pattersonfrå Haukeland universitetssjukehus og vår eigen berekraftskoordinator Siri Smith. Seminaret er leia av Maria Nordheim Alme.

 

Seminaret er arrangert i samarbeid med Climate Health Initiative.