Medieval Bergen

Undergraduate course

Course description

Objectives and Content

Emnet gir ei oversikt over dei viktigaste mellomalderbygningane og -områda i Bergen, og viser korleis dei kan brukast som kjelder til å forstå kunst, kultur og samfunn i mellomalderen. I tillegg til arkitektur og topografi vil òg mellomalderens kyrkjekunst og bokkultur bli trekte inn i undervisninga.

Emnet gir deltakarane eit grunnlag for å bruke dette materialet som pedagogiske ressursar, både i klasserommet og på staden.

Innhald

Emnet har eit tverrfagleg og internasjonalt perspektiv, der det lokale materialet blir supplert med utanlandske kjelder og sett inn i ein europeisk samanheng.

Emnet er særleg relevant for undervisning i historie og samfunnsfag, religion og kunst og handverk. Blant temaa som blir tekne opp er:

  • Byens oppkomst og form. Korleis kjenne att ein mellomalderby?
  • Lokale byggjeskikkar i tre. Stav og laft.
  • Internasjonale byggjeskikkar i stein. Romansk og gotisk.
  • Residens- og administrasjonsbyen Bergen. Kongelege byggverk.
  • Bispesetet Bergen. Kyrkjene på Holmen og i byen.
  • Klosterbyen Bergen. Klostertopografi, ordens­tilknyting og funksjon.
  • Kulturbyen Bergen. Skule og skriftkultur, kunst og musikk.
  • Religiøst liv, liturgi og ritual.
Access to the Course
Emnet er ope for dei som har fått opptak gjennom UiBVidere.
Programme Committee
Emnet er eit samarbeid mellom fagmiljøa i kunsthistorie og klassiske fag. Emneansvaret ligg hos programstyret for klassiske fag.