Forskergrupper
Forskning
Rammer og rom - om «spelereglar» og «spelerom» i tradisjonsmusikken Utvikling av treradarspel med utgangspunkt i overføring av låtspel frå hardingfele / fele.
Dette prosjektet i kunstnarleg utviklingsarbeid rører seg i feltet tradisjonsmusikk i Noreg og Sverige. Det tek utgangspunkt i dei mest vanlege instrumenta i sjangeren, hardingfela og fela, og stipendiatens eige instrument treradar, som er eit lite trekkspel. Fokus for utforskinga er instrumentet, ulike låttypar og spel til dans. Tema vert undersøkt gjennom overføring av låtmateriale i Vestland og Sør-Hedmark, komponering av eigne låtar og spel til dans. Utforskinga skjer både solo og i samspel i duoformat med Jeanette Evansson, fele/hardingfele, med Jonas Åkerlund, feler og gitarar, og med dansarar i workshopform. Dei ulike elementa påverkar kvarandre. Prosjektet undersøkjer kvalitetar i eit samspel både med musikarar og dansarar der kunnskap om låttypane ligg som grunnføresetnad for kommunikasjonen, og slik for spelerommet[1] i sjangeren.
[1] [1]Mikkel B. Tin, Spilleregler og spillerom. Tradisjonens estetikk, Oslo 2011.
Undervisning
Hovudinstrument torader/trerader
Rettleiar master i utøvande musikk
Publikasjoner
INNSPELINGAR
Thorsheim, Anette (2021). Nedstilt, Talik Records. https://www.youtube.com/playlist?list=OLAK5uy_nD1UT8c0SJK5EH7Ld97CDyom2JwmabIGM
Oleman (2012). Oleman (Johansson, Emma (fløyter og song); Olof Misgeld (fele og bratsj); Thorsheim, Anette (to- og ein halvradar)), Sjelvar Records. https://open.spotify.com/album/4kbDIzNNXizUMWZXAiSwql
Tritulen (2012). Tritulen (Jacobsson, Ebba (song); Åkerlund, Jonas (feler og gitarar); Thorsheim, Anette (to- og ein halvradar)), Etnisk musikklubb. https://open.spotify.com/album/0oXTO76AgagzpZes8f1oHD
LÆREVERK
Thorsheim, Anette (2020). Tone for tone Lærebok i torader (e-bok), Norsk musikkforlag. https://musikkforlagene.no/product/tone-for-tone/