Hanne Kvilhaugsvik
Stilling
Førsteamanuensis
Forskning
Faglege interesser
Mine faglege interesser er knytte til offentleg politikk og forvaltning, organisasjonsteori, og reformer og endring. Eg er særleg opptatt av utdanningsfeltet, og har arbeidd med empiriske studiar innanfor høgare utdanning og barnehage. Nokre område eg er opptatt av er koplingar mellom utdanning og velferd, og forhaldet mellom utdanning og arbeidsliv. Sjå fana «Prosjekter» for presentasjon av aktuelle forskingsprosjekt.
Forskargrupper
Eg er medlem i forskargruppa Kunnskap, politikk og organisering ved Institutt for politikk og forvaltning, UiB. I tillegg er eg tilknytt medlem av forskargruppa Kunnskap og styring ved Institutt for pedagogikk, UiB.
Undervisning
Eg underviser innanfor oppdragsbaserte kurs og etter- og vidareutdanning ved Institutt for politikk og forvaltning, i emne som organisasjonsteori, offentleg politikk og forvaltning, leiing og metode.
Publikasjoner
Vitenskapelig foredrag
- Børhaug, Kjetil; Kvilhaugsvik, Hanne; Strehmel, Petra et al. (2024). The political influence of non-governmental ECEC service providers in Finland, Germany and Norway. (ekstern lenke)
- Børhaug, Kjetil; Kvilhaugsvik, Hanne; Lotsberg, Dag Øyvind (2024). Betingelser for samordning. Samordning mellom skole og barnehage.. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne; Eide, Helene Marie Kjærgård (2022). Instrumental knowledge? Didactical tools and knowledge regimes in early childhood education. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne (2021). Standardization and diversification in Norwegian early childhood education and care. Connections between national regulations and instruments for management and teaching. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne (2020). Labour market panels for higher education as a case of bridging institutional logics. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne (2019). Saturated higher education and the labor market turn. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne (2018). Assuring Relevance and Status: Methods and criteria in quality assurance of higher education in Norway and Denmark. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne (2018). Labor market panels – rubber stamp or strategic unit?. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne (2017). Quality as Relevance and Status – Developments in Quality Assurance of Higher Education in Norway and Denmark. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne (2016). On Higher Education Learning Outcomes. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne (2016). Kvalitet som relevans og status – utviklinga av nasjonale kvalitetssikringssystem i Noreg og Danmark. (ekstern lenke)
- Michelsen, Svein; Vabø, Agnete; Kvam, Endre et al. (2016). Higher Education Learning Outcomes and their ambiguous relationship to disciplines and professions. (ekstern lenke)
Vitenskapelig artikkel
- Kvilhaugsvik, Hanne; Eide, Helene Marie Kjærgård; Danielsen, Hilde et al. (2024). Standardisation and diversification–policy tools to govern early childhood education and care. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne (2021). Quality Assurance in Nordic Higher Education: Relevance and Quality for the Welfare State?. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne (2021). Bridging higher education and the world of work? Employer panels in Nordic university governance. (ekstern lenke)
- Kvilhaugsvik, Hanne (2020). Engineering learning outcomes: Translations of a policy instrument in a disciplinary context in Nordic higher education. (ekstern lenke)
- Michelsen, Svein; Vabø, Agnete; Kvilhaugsvik, Hanne et al. (2017). Higher education learning outcomes and their ambiguous relationship to disciplines and professions. (ekstern lenke)
Vitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel
- Eide, Helene Marie Kjærgård; Kvilhaugsvik, Hanne; Danielsen, Hilde et al. (2023). Barnehagens arbeid med fagområdene. (ekstern lenke)
- Eide, Helene Marie Kjærgård; Lotsberg, Dag Øyvind; Rydland, Håvard T. et al. (2023). Barnehagenes arbeid med overganger. (ekstern lenke)
- Danielsen, Hilde; Kvilhaugsvik, Hanne; Eide, Helene Marie Kjærgård et al. (2023). Progresjon – mellom barnesentrering og utvikling?. (ekstern lenke)
- Ludvigsen, Kari; Kvilhaugsvik, Hanne; Homme, Anne Dåsvatn et al. (2023). Ny styringsstruktur og styrket eierrolle. (ekstern lenke)
Rapport
- Labriola, Merete; Kvilhaugsvik, Hanne; Skagseth, Martin et al. (2022). Kunnskapsoppsummering: Hvordan er sammenhenger mellom arbeidsmiljø og kvalitet belyst i nordisk forskningslitteratur i perioden 2015–2022?. (ekstern lenke)
- Holte, Kari Anne; Kvilhaugsvik, Hanne; Skagseth, Martin et al. (2022). "Når det dirrer i rommet" - sammenhenger mellom arbeidsmiljø og kvalitet i barnehagetjenesten. (ekstern lenke)
Doktorgradsavhandling
Populærvitenskapelig foredrag
Nettsider (opplysningsmateriale)
Mastergradsoppgave
Se en full oversikt over publikasjoner i Cristin
Publikasjonar:
Prosjekter
Forprosjekt: Elitar, audmjukheit og regional utvikling - differensiering og universell tilgang i høgare utdanning.
Dette prosjektet vil undersøka differensiering i høgare utdanning i Europa, ved å studera to nyare utviklingstrekk: 1) opprettinga av særskilte studieprogram for særleg motiverte studentar, og 2) utvikling av studieprogram i distrikta som verktøy for regional utvikling. På kvar sin måte bidrar slike studieprogram til auka variasjon i høgare utdanning, samstundes som dei utfordrar standardiseringa som har vore i fokus i reformer dei siste tiåra. I første omgang fokuserer prosjektet på den norske konteksten, og på opprettinga av "honours-program". Opprettinga av slike program har fått stor merksemd i media dei siste åra, og både studentar, interesseorganisasjonar, politikarar og tilsette ved universitet og høgskular har ytra seg. Derfor gjer me ein analyse av medieomtale og ytringar i debatten om opprettinga av desse programma.
Neste steg i forprosjektet vil vera å undersøka konstruksjonen av honours-program blant studentar, tilsette og andre aktørar. Prosjektet tar opp spørsmål som: Kva inneber det å oppretta "eliteprogram" i ein kontekst der ekspertise, elitar og sentralisering er blitt meir politisk omstridd, og korleis fortolkar dei involverte aktørane dette?
Aktørar som har deltatt i medieoppslag (ink. nyhendesaker/kronikkar/lesarinnlegg i norske aviser) eller blitt omtalt i dokument publisert av institusjonen med honours-program, blir av-identifiserte i forskingsprosjektet og publikasjonar. Personar som dette gjeld, kan ta kontakt med meg ved spørsmål om innsyn, retting eller sletting av personopplysningar.
Evaluering av implementering av rammeplan for barnehagen, 2018-2023
Eg har arbeidd som postdoktor ved forskingsinstituttet NORCE, tilknytt forskingsprosjektet «Evaluering av implementering av rammeplan for barnehagen, 2018-23», finansiert av Utdanningsdirektoratet. Prosjektet blir utført i samarbeid mellom NORCE, UiB og HVL. Nærmare informasjon om forskingsprosjektet og resultat, er tilgjengeleg på prosjektets nettside.
Ph.d.-prosjekt (2016-2020): Styring av høgare utdanning i masseutdanningssystem
Korleis styrer ein høgare utdanning når «alle» studerer? I ph.d.-prosjektet mitt innanfor administrasjon og organisasjonsvitskap undersøkte eg dette, gjennom studiar av styringsinstrument i høgare utdanning. Prosjektet var eit komparativt casestudium av Danmark og Noreg.
Prosjektet tok for seg tre ulike styringsinstrument, som tar sikte på å forbetra kvalitet og relevans i masseutdanningssystem:
- Innføringa av standardiserte læringsutbytteskildringar for alle emne og studieprogram
- Arbeidslivspanel - obligatoriske råd/utval for samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidsliv
- Nasjonale kvalitetssikringssystem før høgare utdanning
Avhandlinga er tilgjengeleg frå BORA: "Governing massified higher education".