Mari-Kristine Morberg
Stilling
Seniorkonsulent, SKOK/SVT
Tilhørighet
Arbeid
Mari-Kristine Morberg er seniorkonsulent i fellesadministrasjonen til Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) og Senter for vitskapsteori (SVT). Ho har følgande ansvarsområde:
- Studieadministrativ oppfølging av danningsemne (SVT) og oppfølging av program/emne innan kjønnsstudium (SKOK)
- Studierettleiing
- Sakshandsaming i studierelaterte saker
- Timeplanlegging og eksamensadministrasjon
- Informasjons- og formidlingsarbeid
- Internasjonalisering og studentmobilitet
- Deltaking i utvikling av programma/emna
- Deltaking i studieadministrative nettverk
- Sekretær for programstyre
- Støtte til aktuelle forskings- og utviklingsprosjekt innan utdanning.
Tidlegare har Mari-Kristine jobba med barn og unge, som mobbeombod i Vestland fylkeskommune og som organisasjonskonsulent i ein ungdomsorganisasjon. Ho har òg erfaring frå Lånekassa og som frivillig koordinator i Redd Barna.
Ho har ein master i sosialantropologi kor ho skreiv om endringar i kjønnsroller i Buenos Aires, Argentina. Ho har òg frå før ein bachelorgrad i sosialantropologi. I bacheloroppgåva undersøkte Mari-Kristine kva for faktorar som spelte inn på vala chilenske flyktningar tok i Noreg når det gjaldt det å bli i Noreg eller vende attende til Chile.