Reidun Æsøy

Stilling

Forsker

Tilhørighet

Forskergrupper

Forskning

Eg har doktorgrad (PhD) frå UiB (2004) der eg undersøkte molekylære mekanismar for hormonproduksjon og cellevekstkontroll. Eg har sidan jobba for å finne ut av molekylære mekanismar som ligg til grunn for cellevekst og legemiddelresistens, og for å utvikle betre behandlingar mot ulike former av kreft. Eg er for tida forskar i gruppa til professor Lars Herfindal ved Senter for farmasi. Gruppa arbeider i hovudsak med legemiddelutvikling, med fokus på nye kreftlegemiddel, ved mellom anna å nytte seg av nanobærarar.

Mitt hovudfokus er utvikling av nye terapiar spesielt retta mot born med kreft. Gjennom prosjektet PICCA2 bidreg eg med å identifisere molekylære kjenneteikn til kreftsjukdomen, følgje korleis sjukdomen utviklar seg og til å identifisere nye terapiar. Hovudmålet for prosjektet er å utvikle nye terapiar som tek sikte på å gje kvar enkelt pasient den mest effektive og skånsame behandlinga.

Publikasjoner
Vitenskapelig artikkel
Poster
Vitenskapelig oversiktsartikkel/review
Doktorgradsavhandling

Se en full oversikt over publikasjoner i Cristin