Kjersti Daae

Stilling

førsteamanuensis, i fysisk oseanografi og utdanningsleder ved GFI

Tilhørighet

Forskergrupper

Kort info

Forsker på polare prosessar som påverkar globalt klima, so som djupvassproduksjon knytt til global havsirkulasjon og frontdynamikk langs den Antarktiske kontinentalsokkelen som regulerer varm innstrøyming og smelting av isbremmar, og som igjen kan føra til auka istransport og auka havnivå.
Forskning

Kjersti Daae forsker på polare prosessar og har brei erfaring med både observasjonsbaserte data og numeriske modellar.  Dei siste åra har ho hovudsakleg fokusert på regionale numeriske modellar med idealiserte pådrag og/eller idealisert topografi. Desse modellane er viktige verktøy som, saman med observasjonsdata, kan nyttast til å forstå ulike polare prosessar, som til dømes frontdynamikk langs kontinentalskråningar. Den antarktiske skråningsfronten kontrollerer vassutvekslinga mellom kontinentalsokkelen og djuphavet. I Vest-Antarktis (Bellingshausen- og Amundsenhavet), der det ikkje er ein sterk skråningsfront, strøymer varmt vatn inn under isbremmane og bidreg til høge smelterater. Dette fører til akselerert transport av is frå land til hav, og dermed havnivåstiging. I Weddellhavet er skråningsfronten sterkare og hindrar innstrøyming av varmt vatn mesteparten av året. Innstrøyming av varmt vatn er difor sesongstyrt og når ikke nødvendigvis like langt sør kvart år. Kjersti Daae nyttar idealiserte modellar for å forstå korleis ulike prosessar, som til dømes storskala vindmønster, påverkar skråningsfronten og varm innstrøyming, og korleis desse prosessane kan endre seg i framtida.

Undervisning

Kjersti  Daae er utdanningsleier ved Geofysisk Institutt, og koordinerer instituttet sin aktivitet i iEarth senter for fremragende utdanning (SFU). Ho leiar òg prosjektet CoCreatingGFI (finansiert av HK-dir) som handlar om å gi studentane betre høve til å påverke sin studentkvardag og inkludera meir aktiv læring og samskaping (co-creation) i klasseromma. 

Kjersti vart promotert til Framragande undervisar (Excellent Teaching Practitioner) i 2023 for innsatsen sin i undervisingsutvikling, og publisering av undervisningsbaserte artikler.

Kjersti underviser GEOF211- Numerisk modellering. Dette er eit emne for både BSc og MSc-studentar der me leiker oss med numeriske løysingsmetodar for klassiske geofysiske likningar som adveksjon, diffusjon, treghetssvingingar, og bølger.

Publikasjoner
Konferanseforedrag
Vitenskapelig artikkel
Doktorgradsavhandling
Konferanseposter
Forelesning
Fagartikkel
Masteroppgave
Fremhevet artikkel i media
Forskningsrapport

Se en full oversikt over publikasjoner i Cristin

Prosjekter

Active projects:

CoCreatingGFI: Co-creation to promote active learning and communities of practice (funded by HKdir), led by K. Daae (read more here, or visit the project website)

iEarth Center for Excellent Education

Former projects:

TOBACO: Topographic Barriers Controlling Warm Water Inflow and Antarctic Ice Shelf Melting (NFR), led by E. Darelius

WARM: Inflow of Warm Deep Water onto the Antarctic Continental Shelves (NFR), led by E. Darelius