Mikkel Ekeland Paulsen
Stilling
Forsker, leksikograf på ordbøkene.no
Tilhørighet
Kort info
Eg er tilsett som forskar i redaksjonen for Bokmålsordboka og Nynorskordboka. I tillegg fungerer eg som nasjonal koordinator for CLARINO.
Forskning
Avhandling om sammensetningar
Eg disputerte i 2024 med ei avhandling om samansette ord i norsk. Målet med avhandlinga var å utvikle kriterium for kva for samansetningar som lyt få oppføring i allmennordbøker. I dette arbeidet kjem eg inn på semantiske, morfologiske og bruksrelaterte aspekt ved samansette ord. Kjeldematerialet består av korpusressursar og søkestatistikk frå Bokmålsordboka og Nynorskordboka.
Andre forskingsinteresser
Ved sida av avhandlingsarbeidet er eg interessert i semantiske spørsmål og har jobba mykje med prototypeteori, omgrepsmetaforar, metonymi og leksikografi. Eg har særleg kompetanse på kvantitativ språkanalyse.