Tegan Pyke
Stilling
stipendiat
Tilhørighet
Forskergrupper
Forskning
Tegan (ho/hennar) er ph.d.-kandidat i digital kultur, tilhøyrande Senter for digitale forteljingar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Ho arbeider innan elektronisk litteratur, det post-digitale, og måten verdsveven har påverka folkeforteljingspraksisar. Ho legger særleg vekt på å framheve narrative former som er født digitale og først på nett, og å dokumentere samskrivingspraksisar i internettfellesskap.
I doktorgradsarbeidet hittil har ho arbeidd med korleis elektronisk litteratur er eit ibuande omstridd omgrep («essentially contested concept») og måten maskot-horror – ein populær videospelsjanger fødd på nettet, med eksempel som Five Nights at Freddy’s, Poppy Playtime, og Garten of Banban – fungerar som ein kulturell refleksjon av våre samtidige postkapitalistiske plattformiserte innhaldsskapar-økonomiar.
For tida utforskar ho dei unike måtane Sims 2-spelarar fortalte om dei fremveksande historiene på nett på andre del av av 00-talet, og ynskjer å dokumentere måtane denne primært kvinnelege spelarbasen påverka underhaldningsformatet Let’s Play.
Undervisning
DIKULT104: Datateknologi: Historie, teori og praksis
DIKULT105: Webdesign 1
DIKULT205: Webdesign 2.0