Om avhandlingen

Kraftige mobile einingar som tidlegare vart mest brukt av entusiastar har no blitt allemannseige. Mobilar som har mykje prossesorkraft og gode kamera tillet utviklarar og designarar å lage heilt nye brukaropplevingar.Gjøsæters avhandling tek for seg design, utvikling og bruk av auka røynd (AR) på mobile einingar. Auka røynd (en. augmented reality) omfattar det å blande røynda med virtuelle element. På mobile einingar blir dette gjort ved at ein nyttar kameraet i mobilen til å først fange bileta av verda, for så å setje inn virtuell 3D-grafikk - i sanntid.Avhandlinga skildrar eit rammeverk for design og evaluering av denne type teknologi. Rammeverket har blitt nytta til å designa og evaluera applikasjonar for å vise AR-innhald i aviser og i andre trykte media. Evalueringane er gjort med videobaserte brukarstudier der Gjøseter har undersøkt korleis applikasjonen vert opplevd og nytta.Dette har resultert i metodar og retningslinjer for korleis ein kan og bør designa system for auka røynd på mobile einingar. Eksempelvis er det utarbeida ein metode der ein brukar eit teikneserieformat for å illustrera korleis brukarane nyttar teknologien. Eit anna eksempel er ei retningslinje som fortel om korleis ein bør tilretteleggje innhald i 3D for brukarar av AR på mobile einingar.Konsekvensen av forskinga er ei djupare forståing av denne nye og stadig meir vidfemnande teknologien. Gjennom ei grundig skildring og evaluering av ulike mobil-AR applikasjonar får ein innsikt i korleis dei er bygd opp og korleis ein kan designe for god interaksjon med teknologi basert på auka røynd. 

Om kandidaten

:Gjøsæter (født i 1983) har vore tilsett som stipendiat ved Universitetet i Bergen, Insitutt for informasjons- og medievitskap. Hans rettleiar under forskarutdanninga har vært Weiqin Chen ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Frå før har Gjøsæter ein mastergrad ved same institutt. No er han partnar i Bryggen Research AS og arbeider med forsking og design. 

º

År

2015