Om avhandlingen

Elevar som står ved terskelen til vidaregåande opplæring skal gjere val som er svært viktige for framtida deira og for samfunnet. Samstundes er det mange elevar som ikkje lukkast i vidaregåande skule, eller som ikkje fullfører utdanninga på normert tid. Avhandlinga sitt føremål har vore å finne fram til faktorar som kan ha innverknad på elevar sine valprosessar i overgangen mellom ungdomsskulen og yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande skulen, og mellom det første og andre året på yrkesfaglege utdanningsprogram. Dette er undersøkt gjennom tre delstudiar der alle har fokusert på elevar sitt perspektiv på val- og overgangsprosessar, og kva som er grunnlag for vala dei gjer inn mot yrkesfaglege utdanningsprogram.Avhandlinga viser at grunnlaget for utvikling av yrkesfaglege interesser i ungdomsskulen oftast vert utvikla gjennom sjølvbestemte fritidsaktivitetar, gjennom praktiske og estetiske arbeidsmåtar i skulefag og gjennom hospitering på yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande skule og på arbeidsplassar. Møte med arbeidsliv og mogelegheiter til å prøve ut yrkesfaglege interesser er viktig for ei begynnande identifisering med yrkesfagleg utdanning og yrke. Desse momenta, saman med meistringserfaringar i skulen, er like viktige når elevane har begynt på ei yrkesfagleg utdanning og skal velje yrkesfagleg fordjuping. Arbeidet viser behov for å vidareutvikle samarbeidet mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring, og mellom skule og arbeidsliv. Det er òg behov for ei utvida drøfting av lærings- og kunnskapstradisjonar i dei ulike læringskontekstane som elevane bevegar seg mellom, og det kan bidra til å støtte elevane i deira læring- og utviklingsprosessar. Mange elevar erfarer overgangsfasar i skulen som brot mellom ulike lærings- og arbeidsmåtar, og det bør i større grad bli lagt til rette for at elevane kan utforske sine interesser, motivasjon og identitet mot ei yrkesfagleg utdanning i heile skuleløpet.

Om kandidaten

:Ann Karin Sandal (født 1966) er oppvaksen på Stamnes i Hordaland og er utdanna cand.polit. med hovudfag i pedagogikk frå NLA. Doktorgradsprosjektet er finansiert av NFR og HiSF, og ph.d.-utdanninga er gjennomført ved Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Sandal har arbeida ved HiSF som høgskulelektor i pedagogikk i lærarutdanninga sidan 1999, med særskild fokus på grunn-  og vidareutdanning for lærarar i vidaregåande skule. Professor Kari Smith har vore rettleiar.

º

År

2014