Fortidas stormar i Lofoten og Vesterålen
Pål Ringkjøb Nielsen disputerer onsdag 8. juni 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Holocene storminess and climate change in Lofoten and Vesterålen, northern Norway».
Om avhandlingen
Vestkysten av Noreg er utsatt for ekstremvær. Dette gjeld særleg i vintermånadene då store temperaturskilnader mellom luftmassane i Atlanterhavet fører til kraftige ekstratropiske lågtrykk. Ekstremvær er ofte synonymt med vind av orkan styrke, stormflo og kraftig nedbør, og kan i dei mest ekstreme tilfella føra til store øydeleggingar og naturkatastrofar. Meteorologiske målingar i Noreg går berre attende om lag 150 år, og kjennskap om stormars intensitet og frekvens attende i tid er dermed lite utforska. Med eit varsel om at hyppigheita av ekstremvær kjem til å auka i takt med klimaendringane, er det eit skrikande behov for å undersøka korleis dette har variert i tidlegare tider.For å rekonstruera tidlegare klima og stormaktivitet undersøker Nielsen sedimentkjernar frå tre ulike vindpåverka dreneringsbasseng i Nord-Noreg, nærare bestemt i Lofoten og Vesterålen. Den eine studien tek sikte på å rekonstruera tidlegare variasjonar til ein botnbre, som er særleg følsam for endringar i vinternedbør og den vedvarande vindretninga. Dei to andre studiane baserer seg på å finna, samt å analysera, vindtransporterte sandkorn i sedimentkjernar frå to ulike kystnære miljø. Mengda sandkorn i kjernane har vorte kopla til stormaktivitet, og seier såleis noko om fortidas atmosfæriske sirkulasjon. Avhandlinga syner at det har vore vekslande periodar med høg/liten stormaktivitet dei siste 11000 åra, med ei tydeleg intensivering i stormaktivitet gjennom dei siste 3000 åra.
Om kandidaten
Pål Ringkjøb Nielsen (f. 1986) er oppvaksen på Voss og busett i Bergen. Han fullførde mastergraden i naturgeografi ved Universitetet i Bergen våren 2011, og har i perioden 2011-2015 vore tilsett som universitetsstipendiat ved Institutt for geografi. Rettleiarar for prosjektet har vore professor Svein Olaf Dahl ved Institutt for geografi og førsteamanuensis Henriette Linge ved Institutt for geovitenskap.
Kontakt
Pål Ringkjøb Nielsen
År
2016