Om avhandlingen

Avhandlinga tilbyr ein teoretisk refleksjon over eit utval utgangspunkt, omgrep og teoriar i den sivilrettslege disiplinen tingsrett. Avhandlinga identifiserer og underbyggjer problematiske aspekt ved sedvanlege oppfatningar i den skandinaviske rettsvitskapen. Gjennom påvising problematiske aspekt opnar avhandlinga eit rom for tingsrettsleg teoretisering, og utnyttar dette rommet til å setja fram ein teori om eigedomsrettens overgang ved kjøp og sal. I sum kan avhandlinga lesast som eit angrep på og oppgjer med ein bestemt tankemåte – den såkalla «funksjonelle tilnærminga» – som har vore rådande i den skandinaviske tingretten i lang tid. 

Om kandidaten

: Personalia: Erlend Baldersheim, fødd 1982, er frå Baldersheim i Fusa kommune. Han er master i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen i 2007, og var tilsett ved Det juridiske fakultet, UiB, i 2007-2013. Han har vore dommarfullmektig og konstituert tingrettsdommar i Bergen tingrett (2013-2016), og arbeider frå 2017 hos Regjeringsadvokaten. 

º

År

2016