Om avhandlingen

Eit porøst medie er eit materiale som består av mange små porer som væske kan strøyme gjennom. Porøse medier finnast overalt rundt oss; frå menneskeskapte materialar som betong, mørtel, og membranar til naturlege materialar som stein, bein, og sand. Sprekkar i det porøse mediet er av svært stor interesse då sprekkane kan verke som kanalar for flyt (sprekkar i eit betonghus kan fører til lekkasjar). I tillegg vil sprekkane påverke materialet, og føre til svakheiter som kan føre til sammanbrudd.Eit viktig hjelpemiddel i analysen av oppsrukket porøse medier er å bruke datasimuleringar. Ein av dei store utfordringane er å representere den komplekse geometrien som sprekkane kan ha. I sin avhandling presenterer Berge nye metodar for å representere sprekkar som gjer det mogleg å bruke avanserte datasimuleringar.I avhandlinga blir det også presentert nye numeriske metodar for å simulere koplinga mellom væske-flyt, deformasjon av den porøse strukturen, og deformasjon av sprekkar. Dette gjer det mogleg å studere kompliserte tilfelle som for eksempel geotermisk energi, energi lagring, eller CO2 lagring.

Om kandidaten

Runar Lie Berge er født i 1992 og oppvekst i Lindås kommune i Nordhordaland. Han har ein mastergrad i industriell matematikk frå NTNU frå 2016. I perioden 2016-2019 har han arbeida med avhandlinga ved Matematisk institutt ved UiB.

º

År

2019