Prosjektet handlar om korleis ein skal skape trygge, sunne og inkluderande arbeidsmiljø og ordningar som sikrar ein god balanse mellom arbeid og privatliv gjennom alle stadier av livet.

Denne tematikken har særleg blitt relevant i kjølvatnet av aukande globalisering, demografiske endringar og digitale løysingar. Korona-pandemien førte til dømes til eit meir digitalisert og fleksibelt arbeidsliv.

Det er eit problem at lova heng etter desse utviklingane, til dømes når arbeidsplassen plutseleg skyvast inn i den private sfæren. Lovendringar på nasjonalt nivå er difor nødvendig for å møte behova til arbeidstakarar og arbeidsgjevarar på ein stadig meir fleksibel måte. 

Gratulerer så mykje til Melanie. Vi gler oss til å følgje prosjektet!