Ny bokutgiving: Brotsverket mishandling i nære relasjonar
Boka er skriven av strafferettsprofessor Jørn Jacobsen og tek for seg straffelova § 282 om mishandling i nære relasjonar.
Publisert: (Updated: )
Mishandling i nærerelasjon er eit stort, aktuelt og komplekst problem i det norske samfunnet i dag. Men kva som strafferettsleg sett reknast som «mishandling i nære relasjoner», er ikkje utan vidare klart.
I kraft av å skulle fange inn det komplekse fenomenet slik mishandling er, har straffebodet sjølv enda opp som komplekst og utfordrande å få grep om. Studien analyserer straffebodet i fleire ulike perspektiv, med tanke på å utvikle ei nærare forståing av innhaldet i det. I tillegg til dei historiske og menneskerettslege perspektiva, går studien gjennom førearbeida og rettspraksis frå Høgsterett.
Som studien viser, er det behov for ei meir samla gjennomtenking av brotsverket mishandling i nære relasjonar.