Dei paleobotaniske samlingane
Dei paleobotaniske samlingane omfattar pollen- og makrofossilprøvar som gjev informasjon om vegetasjonsutviklinga gjennom dei siste om lag 11 500 år. Prøvematerialet kjem frå sedimentkjernar frå innsjøar, torvavsetnader og jordprøvar frå arkeologiske kontekstar, hovudsakleg frå Vestlandet.
Om
Dei paleobotaniske samlingane inneheld meir enn 60 000 pollen- og 25 000 makrofossil/trekolprøvar. Til forsking på tidlegare vegetasjon og miljø analyserast pollen, sporar, algar og andre mikroorganismar, og makrofossilar som frø og frukter. Pollenanalyse er den viktigaste metoden vi har for å rekonstruere vegetasjonshistoria, medan makrofossil- og trekolanalyse nyttast til å tolke tidlegare lokal vegetasjon og menneskeleg aktivitet.
I samband med arkeologiske frigjevingsundersøkingar knytt til utbyggingssaker samlast det inn eit uerstatteleg kjeldemateriale for framtidig forsking. Difor er det høgt fokus på strategisk innsamling for å studere vegetasjon og miljø tilknytt menneskeleg aktivitet. Resultata frå paleobotaniske undersøkingar presenterast i rapportar, artiklar, opne dagar på Universitetsmuseet eller føredrag.
Paleobotanisk forsking har lange tradisjonar ved UiB. Paleobotanikk, osteologi og geologi dannar den tverrfaglege forskargruppa FLOM. Laboratoriefasilitetane er samlokalisert med Institutt for biovitenskap (palaeoecology@uib).
Personer
Kontakt
Kari Loe Hjelle Professor
Lene Synnøve Halvorsen Senioringeniør
Ingvild Kristine Mehl Senioringeniør
Anette Overland Senioringeniør