Datakvalitet for ansvarleg KI i energisystem (DARES)
DARES undersøker samanhengen mellom energisystem, data og KI, med særleg vekt på utfordringane knytte til datakvalitet for ansvarleg KI i det grøne skiftet.
Om forskningsprosjektet
Sjølv om kraftige KI-system kan bidra til å nå ambisiøse mål for reduksjon av klimagassutslepp, er dei i seg sjølve ikkje-deterministiske og utsette for feil. Manglande datakvalitet er ein av hovudgrunnane til at KI feilar, noko som kan føre til straumbrot og andre feil i energisystem. For at Norden skal bli den mest berekraftige og integrerte regionen i verda, må problemet med datakvalitet handterast.
EU sin KI-forordning klassifiserer KI-system nytta i kritisk infrastruktur som høgrisiko, og stiller krav til datakvalitet. Trass i fleire tiår med forsking og utvikling av standardar, er datakvalitet framleis eit lite presist definert omgrep som blir inkonsekvent operasjonalisert. Dette kjem mellom anna av at datakvalitet er eit sosio-teknisk omgrep, sidan data blir skapte av menneske. Politiske styresmakter og regulerande organ treng tydelege definisjonar og ei forståing av dei sosio-tekniske sidene ved datakvalitet. Energisektoren, frå oppvarming til kraftproduksjon, ser på datakvalitet som ei presserande utfordring og treng klare retningslinjer for å skape gode vilkår for utvikling og bruk av data av høg kvalitet.
DARES har som mål undersøke i datakvalitet i KI for energisystem gjennom komparative tilnærmingar og bruk av fleire metodar. Med eit mangfaldig, tverrfagleg og fleirnasjonalt konsortium er DARES særleg godt rusta til å levere:
(1) omfattande politiske tilrådingar for datakvalitet i ansvarleg og berekraftig utvikling av KI, som støttar måla for det nordisk-baltiske grøne skiftet;
(2) godt definerte retningslinjer for mål for datakvalitet i prosessar for datagenerering, utviklingsløp for KI-system og livssyklusen til KI-system i energinæringa;
(3) programvarebibliotek, referansepunkt, verktøykassar og evalueringsmetodar for å integrere datakvalitet i utvikling av syntetiske data og i maskinlæringsmetodar som tek omsyn til datakvalitet; og
(4) verkstader om framtidige energiscenario for næringsliv og dei som utformar politikk, der ein tek utgangspunkt i felles nordisk-baltiske verdiar.
DARES styrkjer det nordisk-baltiske samarbeidet gjennom omfattande kunnskapsutveksling om det grøne skiftet, datakvalitet og ansvarleg KI. Dette skjer gjennom tverrfagleg forsking, samarbeid med regulatorar og dei som utformar politikk i alle partnarlanda, og felles deltaking i utforskande arbeid med moglege energiframtider i Norden og Baltikum, basert på ansvarleg utvikling og bruk av KI.
Ved SVT leier Kjetil Rommetveit arbeidspakke 1 (WP1): Kartlegging av politiske og regulatoriske problemstillingar i den nordisk-baltiske regionen. WP1 skal studere dei regulatoriske aspekta ved miljørelatert datakvalitet, med særleg fokus på Norden og Baltikum og tilpassinga til nye krav under implementeringa av EU sin KI-forordning. Arbeidspakka blir leia av SVT i samarbeid med Københavns universitet, og vil byggje på dokumentanalyse av relevante politiske dokument, offentlege utsegner, standardar og rapportar for å kartleggje uttrykte politiske intensjonar og bekymringar i partnarlanda.
Forskarane i WP1 vil kartleggje korleis framtidsførestellingar om KI, baserte på teknologisk potensial og lovnader, blir tilpassa og gjorde handlingsretta av regulatorar. Det empiriske arbeidet vil sjå på korleis tekniske og regulatoriske forståingar av KI-data blir utvikla i dei nordisk-baltiske kontekstane, inkludert krav og plikter i EU sin KI-forordning.
Personer
Prosjektleder
Irina Shlovski Prosjektleiar, Köbenhavns Universitet
Prosjektmedlemmer
Kjetil Rommetveit Prosjektdeltakar, SVT
Devyn Remme Prosjektdeltakar, UIB
Amir H. Payberah Prosjektdeltakar, KTH Kungliga Tekniska Högskolan
Antti Silvast Prosjektdeltakar, LUT University
Irina Jackiva Prosjektdeltakar, Transport and Telecommunication Institute