Om prosjektet

Prosjektet utforskar korleis ny teknologi, spesielt livsforlengande og/eller digital teknologi, påverkar kulturelle førestillingar kring liv, død og slektskap i USA og Russland.

Bilde
Drawing of human sceleton
Foto: Nina Bergheim Dahl

Bakgrunn og formål

Dei siste tiåara har vore vitne til ei eskalering og intensivering av grensesnittet mellom menneske og teknologi. Avanserte datamaskinar, medisinske gjennombrot i bioteknologi og eit nytt syn på aldringsprosessen som noko reversibelt kan potensielt ha stor påverknad på kulturelle førestillingar kring kva eit menneske er og kan vere. Ein kan stille seg forbløffande spørsmål som: Kva skjer i eit samfunn kor menneske ikkje døyr? Kva om menneske fekk ein heilt ny form? Til dømes, kan ein menneskeliknande maskin med eit digitalt nedlasta sinn kallast eit menneske? Ville den ha hatt sjølvmedvite og vore eit individ med eigne sosiale relasjonar? Når slike spørsmål gjentatte gangar vert tatt opp i populærkultur, media og vitskaplege kontekstar, er me då vitne til ei endring i kulturelle førestillingar kring menneskeleg natur? Og om dette er tilfellet, kva kan det fortelje oss om sosiale og kulturelle endringar i dag?

Overskrifter i aviser, diskusjonar i sosiale media og "longreads" i diverse magasiner peikar på ein aukande fascinasjon for "menneskeleg forbetring" og utsikter til udøyelegdom ved hjelp av teknologi og vitskap. I nyare tid har det vekse fram sosiale rørsler som arbeidar for å presse grensene for kva eit menneske er og kan vere. Anti-aldringsgrupper jobbar aktivt for å oppnå radikal livsforlenging og finansierer medisinsk forsking som, vonande, kan snu aldringsprosessen. Vidare er det ei mengd med nye selskap, spesielt i USA, som tilbyr digitale oppstandelsestenester som skapar digitale simuleringer av avdøde vener og familiemedlemar.  Ein kan òg sjå ei aukande interesse for det som kan kallast 'udøyelegdomsrørsler', som til dømes den transhumanistiske organisasjonen Humanity+. Kort sagt kan transhumanisme skildrast som ei filosofisk, politisk og sosial rørsle kor det endelege målet er å overskride noverande biologiske og mentale menneskelge begrensingar gjennom teknologi. I transhumanistiske sirklar er det heller ikkje en uvanleg å meine at eit nytt og teknologisk forbetra menneske, tenkelig, kan oppnå udøyelegdom.

Prosjektet Technoscientific Immortality tek opp spørsmål kring tematikken nemnd ovanfor og har tre hovudformål. Det første er å forstå det sosiokulturelle fundamentet for, og effekten av, det som kan kallast for teknovitskaplege udøyelegdomsrørsler, som til dømes transhumanismen. På eit meir generelt grunnlag søkjer prosjektet å forstå relasjonen mellom førestillingar kring kva eit menneske er og førestillingar kring sosiale relasjonar. Kva påverknad har endringar i vår forståing av kva eit menneske er på korleis me forstår sosiale relasjonar? Det andre formålet er å danne eit nytt empirisk grunnlag for å utvikle teoriar kring korleis sosiale relasjonar vert forma og verdsett i ein kontekst av teknovitskapleg udøyelegdom. Kort sagt vil dette prosjektet utvikle ein komparativ analyse av etnografiske kasusstudier på ulike "udøyelegdomspraksisar" i USA og Russland. Det tredje formålet er å utvikle ein historisk basert analyse av korleis idear om udøyelegdom har spreidd og utvikla seg i partikulære sosiokulturelle kontekstar, og ein komparativ analyse av historiske amerikanske og russiske udøyelegdomsrørsler. 

Sist oppdatert: 10.12.2025