Triggersystemet
Triggersystemet er eit fleirårig kunstarisk forskingsprosjekt initiert av Tore Vagn Lid, professor ved NTNU og gjesteforskar ved Senter for vitskapsteori. I sentrum av arbeidet står Lid sitt nye filosofiske lesedrama, «Triggersystemet», og den performative, audiovisuelle realiseringa av dette på scena.
Om forskingsprosjektet
I det filosofiske (lese)dramaet Triggersystemet møter me Avsenderen, eller "Kaptein Noah" som han også kallar seg. Saman med dei levande insekta sine og dei løyndomsfulle brevduene sine har han aldrande, utryddingstrua forskaren trekt seg tilbake til eit eventyraktig fabel-univers, for herfrå, om mogleg, å kunna berga seg sjølv og dyra sine frå syndefloda til samtida av nye krigar og kriser.
Som observatør og kaptein både undersøkjer og leier han dei utvalde insekta sine gjennom eit sinnrikt utrusta insektakvarium – eit såkalla vivarium. På eit hav av drukna menneske og forkasta moral blir pinnedyr, sniglar, skrukketroll og saksedyr til både med- og motspelarar i eit filosofisk sørgjespel spel mellom mennesket i naturen og naturen i mennesket.
Ut frå Lids metodikk om etydebasert arbeidsprosess (Sjå «Refleksiv dramaturgi (ekstern lenke)») , utviklast det sceniske arbeidet gjennom ein serie av samanhengande/påbyggjande etydar, som alle har eit definert fokuspunkt, og kor ulike ekspertar inngår i dei ulike etydane.
Senter for vitskapsteori (SVT) er ein av fleire partnarar i prosjektet, som i tillegg til NTNU inkluderer Black Box Teater i Oslo, Festspillene i Nord-Noreg, Riksteatret, Dramatikkens Hus og Kunstnerhuset Wrap.
Sett frå eit vitskapsteoretisk perspektiv integrerer Triggersystemet som lesedrama ulike kunnskapsformer, også vitskaplege, i eit særeige kunstnarisk formspråk der musikk, scenografi, film, dramaturgi og skodespel/lesing saman skaper eit unikt perspektivmangfald. Slik kan kunst innlemme både forskingresultat og forskinga som livsform på måtar som forskarar elles har vanskeleg for å få til.
I januar 2025 arrangerte SVT og NTNU ei samhøyring av Triggersystemet i SVT sine kontorlokale i ærverdige Parkveien 9 for spesielt inviterte gjester, og i juni 2025 fekk Tore Vagn Lid to Heddaprisar: Beste teaterframsyning og Beste scenetekst for Triggersystemet – I: Vivariet. (ekstern lenke)
Les meir i nyheitssaka Gjeve teaterprisar til kunstarisk forsking.
Personer
Prosjektleiar
Tore Vagn Lid Forskingsleiar, dramatikar og audiovisuelt konsept, komponist og gitarist