Kvinnehelsepolitisk møte
Region Nordhordland IKS, har saman med gode samarbeidspartnarar gleda av å invitere til kvinnehelsepolitisk møte på Grand Hotel Terminus 28. august kl. 18.00. Dersom du ikkje har moglegheit til å kome fysisk, kan du òg delta digitalt via Teams.
Møtet vert leia av styremedlem i Brystkreftforeningen, Birgitte Harris, som vil opne med ei innleiing, før Elisabeth Thomassen deler si sterke historie.
Faglege innlegg med ny kunnskap og forsking frå:
- Christine Meyer, leiar av Kvinnehelseutvalget og byrådsleiar Bergen kommune
- Hildegunn Aase, leiar for Norsk Forening for Radiologisk Brystdiagnostikk
- Jone Trovik, overlege ved kvinneklinikken og professor ved Universitetet i Bergen. Nodeleiar kliniske studier i DRIV.
Kva politikarar og parti vil fremje viktig kvinnehelsepolitikk? Vi får høyre sentrale politikarar dele sine perspektiv, før vi samlar politikarar og fagpersonar til paneldebatt leia av Solveig Hofvind, leiar i Mammografiprogrammet.
Dette møtet vil du ikkje gå glipp av! Vi treng deg til stades for å vise at satsing på kvinnehelse er avgjerande – både for enkeltpersonar og for samfunnet som heilskap.
Arrangementet er gratis.
Arrangørar:
– Norske Kvinners Sanitetsforening
– Brystkreftforeningen
– Gynkreftforeningen
– Hordaland legeforening
– Driv – Senter for kvinnehelseforskning
– Region Nordhordland IKS
_____________________________________
Lenke til Teams Microsoft Virtual Events Powered by Teams (ekstern lenke)
Se lenke til arrangementet Kvinnehelsepolitisk møte | Facebook (ekstern lenke)