Eit fagmiljø med lange røter
Middelalderen er sentral og konstituerende for Bergens, Vestlandets og Norges historie. Universitetet og museumssektoren i Bergen utgjer eit stort og mangfoldig fagmiljø innsn mellomalderstudiar.
Mellomalderforskinga ved UiB går heilt tilbake til skipinga av Bergen Museum i 1825. Frå 2002 til 2012 hadde universitetet eit Senter for framifrå forsking i mellomalderstudium, som sette Bergen på det internasjonale kartet. I dag held forskinga fram i forskingsgrupper på tvers av Det humanistiske fakultet og Universitetsmuseet.
Tema vi arbeider med
Forskinga spenner vidt: rettshistorie og lovbøker, norrøn filologi og handskrifter, mellomalderarkeologi og materiell kultur, kyrkjekunst og arkitektur, by- og urbaniseringshistorie og religionshistorie. Pågåande prosjekt undersøkjer mellom anna korleis mellomalderlova vart fornya i tidleg moderne tid, og spreiinga av Birgitta av Sveriges openberringar i mellomalderens England.
For journalistar og media
Lurer du på noko om mellomalderen? Spør gjerne ein UiB-forskar. Fagmiljøet dekkjer eit breitt felt: arkeologi, filologi (latin og norrønt), historie og kulturhistorie, kunsthistorie, litteratur, musikk og rettshistorie. Finn rett ekspert til saka di i forskarlista under.
Historisk oversyn
Bergen har lange tradisjonar når det gjeld mellomalderforsking, heilt tilbake til opprettinga av Bergen Museum i 1825, med eigne samlingar for mellomalderens gjenstandskultur.
Mellomalderforsking utmerka seg tildleg ved UiB
Då Universitetet i Bergen blei oppretta i 1946 var det med utgangspunkt i Det matematisk-naturvitenskapelige, Det historisk-filosofiske og Det medisinske fakultet. Mellomalderfilologien markerte seg tidleg som eit sterkt felt, og universitetet fekk eigen professor i norrønt i 1953.
Frå slutten av 1950-åra blei norsk mellomalderhistorie eit eige felt innan det nyoppretta Historisk institutt. Nokre år seinare, i 1970, fekk Universitetet eit professorat spesifikt for mellomalderlatin, som det einaste i landet.
På 1970-talet blei mellomalderarkeologi eige fagfelt med hovudvekt på byarkeologi etter at utgravingane på Bryggen hadde fått internasjonal merksemd. Arkeologifaget fekk professorat i mellomalderarkeologi i 1994.
Styrken til mellomaldermiljøa kjem til syne
Tverrfagleg og tverrinstitusjonelt samarbeid prega mellomalderforskinga, med bidrag frå både humanistiske og naturvitskaplege fagfelt og frå undervisings- og museumssektorane. I dei siste tiåra av 1900-talet bidrog mellom anna "Mellomalderforum ved Universitetet i Bergen" til dette samarbeidet.
Styrken til mellomaldermiljøa i Bergen kom til syne då delar av forskingsmiljøa ved Nordisk og Historisk institutt vann fram i den første nasjonale konkurransen om status som SFF for perioden 2003–12. Senter for middelalderstudier (CMS) lukkast med å dra til seg eksterne fagmiljø, hadde ein høg og variert publikasjonsaktivitet og fekk fram ei lang rekke doktorgradsarbeid.
Senter for middelalderstudier (CMS) er formelt avslutta som eit SFF, men mellomalderforskning er framleis eit satsingsområde ved Universitetet i Bergen. Ved Det humanistiske fakultet blei forskninga vidareført i ulike forskargrupper. Desse forskargruppene utgjer ein del av eit større miljø ved UiB der det blir drive forsking og undervisning innan mellomalderemne. Her inngår fagområde som historie, arkeologi, filologi, kunsthistorie og litteratur.
Forskingssamarbeid på tvers eit kjennemerke
I tillegg står mellomalderens gjenstands- og bygningskultur sentralt i arbeidet ved samlingane og forskinga som ligg ved Universitetsmuseet i Bergen. Her finst ei rik samling av kyrkjekunst frå mellomalderen og etterreformatorisk tid og fagleg kompetanse i mellomalderens kunst og kultur. Universitetsmuseet har det vitskaplege og forvaltningsmessige ansvaret for samlingar av mellomalderarkeologisk materiale frå Vestlandet og museet har brei kompetanse innan mellomalderarkeologi.
Det juridiske fakultetet har kompetanse knytt til mellomalderens rettshistorie, og planen om eit tiårig prosjekt om Magnus Lagabøtes landslov er særleg relevant. Forskingssamarbeid på tvers av fakultet og disiplinar er eit gjennomgåande og ønskja kjennemerke ved dagens forsking.