Om Middelalderklyngen

Middelalderklyngen er ei av sju kunnskapsklynger ved UiB, og den einaste innan humaniora. Vi knyter saman forskingsmiljø, museum og kulturarvsinstitusjonar i Bergen og på Vestlandet.

Kvifor ei mellomalderklynge?

Kunnskap om norsk og europeisk mellomalder er sentral for å forstå korleis kunnskap, kultur, byar, demokrati og menneskeverd har vakse fram. Mellomalderhistoria er ein viktig del av identiteten til Bergen, Vestlandet og Noreg. 

Klynga bygger på universitetet sine sterke fagmiljø og vidareutvikle kontakten med eksterne regionale aktørar, slik som skulen, musea og reiselivsnæringa. 

Klynga arbeider for å vere ein drivar for lokal og nasjonal formidling om mellomalderen, og spenner over historie, filologi, arkeologi og litteratur.

Visjon og mål 2025–2030

Gjennom banebrytande samarbeid lokalt og internasjonalt skal Mellomalderklynga skape ny kunnskap i forskingsfronten, bidra til framtida si forståing av vår eldre historie og synleggjere verdien av kulturarven frå mellomalderen. For perioden 2025–2030 arbeider klynga mot fire mål:

  • Nettverk – skape samhandling, vere eit samlande organ og styrke nettverk av faglege institusjonar med kompetanse innan mellomalderfeltet. Klyngesamarbeidet skal styrke banda mellom utdanning og arbeidsliv.
  • Forskingssamarbeid – styrke og utvikle nyskapande og tverrfagleg forsking på høgt internasjonalt nivå, og bidra til kunnskapsutveksling.
  • Tverrfaglegheit – ivareta og vidareutvikle tverrfagleg samarbeid mellom disiplinar, sektorar og institusjonar som arbeider med forsking, forvaltning og formidling av mellomalderen.
  • Synleggjering – styrke og utvikle innovativ formidling av mellomalderforsking til ulike målgrupper i samfunnet, inkludert skuleverket, og synleggjere verdien av kulturminna frå mellomalderen.
Sist oppdatert: 02.09.2026