Universitetet i Bergen gratulerer Jon Fosse med Nobelprisen i litteratur.

Fosse får prisen for "nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det useielege", ifølge Svenska Akademin.

Jon Fosse har hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen (UiB). Han blei oppnemnd som æresdoktor ved UiB i 2015.

Jon Fosse er den fremste nolevande forfattaren i Noreg, og i 40 år har han utmerka seg som ein svært original og produktiv forfattar. Særleg har han skapt seg eit internasjonalt namn som dramatikar, og har forsterka posisjonen sin som den viktigaste norske dramatikaren etter Ibsen.

Stor dag for universitetet

På universitetet har flagget gått til topps i dag.

– Dette er òg ein stor dag for Vestlandet, for vestlandskulturen og den tunge gode litteraturen, og ikkje minst for det nynorske språket, seier rektor Margareth Hagen.

Ei storhending for norsk litteratur

– Årets prisutdeling er sjølvsagt ei stor hending for norsk litteratur generelt – og for UiB og faget allmenn litteraturvitskap for den saks skuld, og forfattarmiljøet i Bergen, seier professor i allmenn litteraturvitskap, Erik Bjerck Hagen.

– I og med at Fosse tok hovudfag i allmenn litteraturvitskap i 1987, kan vi skryte på oss at vi ikkje kan ha vore heilt utan innverknad på hans vidare veg i forfattarlivet, meiner litteraturprofessoren. 

Bjerck Hagen ser det òg som ein pris til den norske skjønnlitteraturen som har helde eit svært høgt nivå i Fosse si tid, noko som no får si naturlege anerkjenning. Det meiner han for så vidt var på tide, sidan det er nittifem år sidan Sigrid Undset fekk prisen.

– Men først og fremst er det ein pris til Fosse personleg. Han har til gangs funne sin eigen stil og si eiga stemme – ingen er i nærleiken av å likne på han ein gong – og han har helde fast ved si utforsking av nærleiken det litterære språket har til mystikken sitt språk og det religiøse språket. På det beste er han ein sann diktar for tru, håp og kjærleik, seier Bjerck Hagen. 

Bilde
Plakat med tegning av Fosse
Foto: Nobel Prize

NOBELPRISVINNAR: Plakaten som blei brukt i kunngjeringa av nobelprisen til Fosse.

Bilde
heist flagg på Museplasen
Foto: Paul André Sommerfeldt

FLAGGDAG: Ved UiB har flagget gått til topps torsdag 5. oktober.

Nobelpris til Fosse

Kunngjort av Svenska Akademin 5. oktober 2023.

Frå grunngjevinga:

"The Nobel Prize in Literature 2023 is awarded to the Norwegian author Jon Fosse (ekstern lenke), for his innovative plays and prose which give voice to the unsayable.

His immense oeuvre written in Norwegian Nynorsk and spanning a variety of genres consists of a wealth of plays, novels, poetry collections, essays, children’s books and translations. While he is today one of the most widely performed playwrights in the world, he has also become increasingly recognised for his prose."

Prisen er på 11 millioner svenske kroner.

Les meir på nobelprize.org (ekstern lenke)