Tett på forskningen som masterstudent
Masterstudenten Marianne Borchgrevink-Brækhus merker stor forskjell på å studere bachelor og master. På masternivå blir hun mer inkludert i fagmiljøet og får samarbeide med gode veiledere.
Biologisk kunnskap er avgjerande for ei sosial og økonomisk berekraftig utvikling. Det er nødvendig å forstå korleis menneskeskapte endringar påverkar naturlege prosessar, både på kort og lang sikt. Biologar har kunnskap som er avgjerande for å løyse mange av dei store samfunnsutfordringane.
Livet til ein masterstudent i biologi er hektisk og givande. Arbeidsveka di er fylt opp av aktivitetar som
Bergen ligg slik til at det er mogleg å bruke naturen som klasserom, og vi legg vekt på praktiske øvingar gjennom omfattande bruk av dataanalyse, feltarbeid/ekskursjonar og interaktive diskusjonar med tilsette og studentar frå heile verda.
Vi skaper eit miljø der du som student er ein naturleg del av forskingsgruppa, og arbeidsmiljøet er inkluderande og uformelt. Mange ulike nasjonalitetar arbeider saman, og engelsk er normalt arbeidsspråket.
Når du begynner å jobbe med masteroppgåva di, blir du ein del av ei forskargruppe på instituttet. Instituttet er del av ei levande marin klynge med fleire forskingssenter og næringsverksemder.
Livet til ein masterstudent i biologi er hektisk og givande. Arbeidsveka di er fylt med aktivitetar som laboratoriearbeid, feltkurs, og turar med forskingsfartøy (om du vel marin spesialisering), samt forelesingar, aktiv læring og seminar. Du får undervisning frå forskarar som er blant dei beste. Vi er Noregs største marine universitet, med høg internasjonal kvalitet på utdanning og forsking.
Bergen gir moglegheit til å bruke naturen som klasserom, med fokus på praktiske øvingar og interaktive diskusjonar med studentar og tilsette frå heile verda. Du blir ein naturleg del av forskingsgruppa i eit inkluderande miljø.
Masterstudentar og bachelorstudentar samarbeider i Biologisk fagutval (BFU), som organiserer sosiale aktivitetar og fungerer som eit bindeledd mellom studentar. Når du jobbar med masteroppgåva, blir du del av ei forskargruppe i ein marin klynge med fleire forskingssenter.
Som ferdig utdanna er du godt rusta til å gå inn i stillingar innan forsking, utdanning, næringsliv, administrasjon og andre viktige jobbar i samfunnet.
Med mastergrad i biologi kan du ta mange forskjellige yrkesvegar, både i privat og offentleg sektor. Du kan jobbe både sentralt og regionalt, for eksempel i miljøorganisasjonar, konsulentfirma og i statlege departement og direktorat. Du kan også spesialisere deg innan biologi og miljøspørsmål hos forskingsinstitutt og relevante næringslivsforetak, som den veksande havbruks- og sjømatnæringa og bioteknologibransjen.
Les intervju med tidlegare studentarDei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar om hausten.
Det første året følger du emne på til saman 60 studiepoeng. Emne, timeplanar og studieplanar vil avhenge av kva spesialisering du vel. Du tar to obligatoriske emne innan forskingsmetode første semester: BIO300A Akademisk skriving (5 studiepoeng) og BIO300B Biostatistikk (5 studiepoeng). Det andre året jobbar du med masteroppgåva, også på 60 studiepoeng. Når eit heilt år er avsett til å arbeide med masteroppgåva, har du anledning til å fokusere berre på det sjølvstendige forskingsarbeidet ditt.
1. Semester
Akademisk skriving (BIO300A, 5 studiepoeng)
Biostatistikk (BIO300B, 5 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
2. Semester
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
3. Semester
Masteroppgave (30 studiepoeng)
4. semester
Masteroppgave (30 studiepoeng)
Du vel mastertema frå tilgjengelege masterprosjekt i biologi, eller du kan finne fram til eit tema som passar deg i samråd med rettleiaren din.
Spesialiseringar i denne graden.
Det finst fleire alternativ for studentar som vil reise på eit utvekslingsopphald i utlandet. Du kan utføre laboratoriearbeid, delta på sommarskole ved Universitetssenteret på Svalbard eller ta del i ein annan utvekslingsaktivitet.
Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.