Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Med ein mastergrad i geovitskap kan du være med å utvikle ny kunnskap om problemstillingar som klima, miljø, geofarar, energiomstilling, marin og polar forsking.
Frammøte: Måndag 6. januar kl 10:15-11:30 i Kvart-sitten, Realfagbygget, 3 etasje, Allégaten 41.
Oppmøte er obligatorisk. På møtet vert det gjeve viktig informasjon om masterstudiet. Dersom tvingande grunnar gjer at du ikkje kan delta i møtet, send ein e-post til studierettleiar@geo.uib.no
Sjekkliste: Bruk uib.no/sjekkliste for å bli klar for studia. Du treng ikkje gjere alt før du møter opp den første dagen.
Forskarar innan geovitskap prøver å finne ny kunnskap om tema som:
På masterprogrammet i geovitskap nyttar vi det eineståande landskapet og kystmiljøet i Vest-Noreg til ulike typar feltgeologi, frå kvartærgeologi og glasialgeologi til prekambriske orogeniske og magmatiske prosessar. UiB ligg nær oljefelta i Nordsjøen, og har difor fantastisk tilgang til studieområde for petroleums- og marinvitskapleg forsking.
Geovitskap har fire forskingsgrupper:
Når du skriv masteroppgåve hos oss, vil du høyre til ei av desse forskingsgruppene.
Institutt for geovitskap har eit godt, internasjonalt miljø. Kvart år held vi av fem plassar for kvalifiserte internasjonale studentar. Gjennom feltarbeidet, som kan vere ein integrert del av studieprogrammet, får du oppleve mange interessante stadar både i og utanfor Noreg.
Studieprogrammet er satt saman av laboratoriearbeid, seminar, ekskursjonar og førelesingar. Timeplanen din vil bli tilpassa forskingsprosjektet du vel: Vi vil føreslå ei emneliste som er skreddarsydd etter behova dine (sjå Oppbygging). Dei fleste emna har obligatoriske læringsaktivitetar, men vi tilrår at du også er med på valfrie aktivitetar, der du lærer det som ikkje er inkludert i pensum og som kan vere til nytte når du skal opp til eksamen.
Sjølv om den daglege læringserfaringa er eineståande i seg sjølv, blir du i tillegg inkludert i eit tett samansveisa forskingsmiljø og i eit studieprogram der gruppearbeid
Du vil kunne jobbe med bygging av infrastruktur som vegar og jernbanenettverk, tunnelar og bygningar, under havoverflata og på land – med andre ord, alle stadar på jorda der det bur menneske.
Institutt for geovitskap samarbeider med petroleumsindustrien og internasjonale forskingsprogram. Våre tidlegare studentar får jobb i petroleumsindustrien eller som konsulentar i privat og offentleg sektor. Nokre held fram på doktorgradsstudiet (ph.d.) og ein forskarkarriere, anten ved UiBs senter for framifrå forsking i klimastudiar og petroleumsforsking, eller ved andre utdanningsinstitusjonar.
Les intervju med tidlegare studentarDei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Studieprogrammet byrjar om hausten og held fram i to år (fire semester). Undervisingsspråket er engelsk.
Studieprogrammet består av 60 studiepoeng med studieemne, og 60 studiepoeng med masteroppgåve.
Studieprogrammet har ikkje obligatoriske emne. I staden vil dei tilsette ved instituttet hjelpe deg med å avgjere kva emne som passar best for deg, basert på kva tema du har valt til masteroppgåva og den akademisk bakgrunnen din. Emnelista blir skreddarsydd etter dine behov, slik at du har kunnskapen og ferdigheitene du treng når du skal gå i gang med masteroppgåva.
I tillegg til kurs/emne i relevant geovitskap, tar nokon av studentane våre grunnleggande opplæring i dataprogrammering før dei startar med masteroppgåva. Andre må få opplæring i feltarbeid før dei reiser på ekskursjon/forskingstur.
Du kan studere på Svalbard (Universitetssenteret på Svalbard, UNIS) i ei periode av studieprogrammet, eller gjennom heile programmet dersom rettleiaren din er stasjonert der. Du kan også velje å delta i enkeltståande fagemne på Svalbard, eller vere med på sommarkurs.
I tillegg har du anledning til å reise til andre interessante område i Noreg, Norden, Europa og USA, og utføre feltarbeid.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.