Studieplan for MAMN-LÆRE Lektorprogram i naturvitenskap og matematikk, vår 2025
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Studiestart - semester
Haust
Denne studieplanen gjeld frå og med opptak til haust 2024. (Studenter tatt opp før 2024 kan finne sin studieplan i Mitt UiB)
Mål og innhald
Lektorprogrammet utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skulen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i to universitetsfag med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.
Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.
Studiet utdannar lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.
Studiet gjev ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på tilrettelegging for læring, analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, og trening i skriftleg og munnleg presentasjon. Vidare gjev studiet grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skulefaga og fremje ferdigheiter for praktisk yrkesutøving.
Lektorprogrammet har fire studieretningar:
- Kjemi med biologi eller matematikk som fag 2
- Biologi med kjemi eller matematikk som fag 2
- Fysikk med matematikk som fag 2
- Matematikk med fysikk, kjemi, biologi eller natufag som fag 2
Læringsutbyte
Sjå den enkelte studieretning
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og LÆREAL:
Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:
- Matematikk R2 eller Fysikk 1 + 2 eller
- Kjemi 1 + 2 eller
- Biologi 1 + 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
- Geofag 1 + 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 + 2
Det er òg eit krav om minimum gjennomsnittskarakter 3 i norsk og minimum 35 skulepoeng.
I tillegg: Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)
Obligatoriske emne
Sjå den enkelte studieretning
Delstudium i utlandet
Studentane blir oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal erfaring.
Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand og kan bli rettleidd og avtalt i samarbeid med studiekonsulent på programmet og dei fagleg ansvarlege institutta.
I 8. semester er det mogleg for ei gruppe av studentar å gjennomføre praksis på skule i Cape Town.
Relevans for arbeidsliv
Lektorprogrammet i naturvitskap og matematikk kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skulen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag.
I tillegg gir lektorutdanning eit godt grunnlag for yrke utanfor skulen der kombinasjonen av kommunikativ og realfagleg kompetanse er etterspurt, til dømes formidling og opplæring innan næringsliv, industri og forvaltning. Vidare kan lektorutdanninga vere første steg inn mot ei forskarkarriere.
Skikkavurdering og autorisasjon
Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 1714) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf.§ 4-10 andre ledd)
Programansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Lektorutdanningsutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet. Styringsgruppe og felles programstyre for lektorutdanning har eit overordna koordinerande ansvar.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Matematisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.