Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Statistikk er et fagfelt innen matematikk som dreier seg om prinsippene og metodene for å samle inn og analysere kvantitativ informasjon. Til dette nyttes modeller og konsepter fra sannsynlighetsteori.
Frammøte: Fredag 10. januar kl. 10:15-12:00 på Seminarrommet "Delta" (4A9f), i 4.etasje i Realfagbygget
Oppmøte er obligatorisk. På møtet vert det gjeve viktig informasjon om masterstudiet. Dersom tvingande grunnar gjer at du ikkje kan delta i møtet, send ein e-post til studie@math.uib.no
Sjekkliste: Bruk uib.no/sjekkliste for å bli klar for studia. Du treng ikkje gjere alt før du møter opp den første dagen.
Studiet gir god kjennskap til metodar og teknikkar innan statistikk og data science. Gjennom programmet blir kandidaten utdanna til profesjonell statistikar, som handlar om å trekke konklusjonar frå data og beskrive usikkerheit.
Veljar du spesialiseringa Finansteori og forsikringsmatematikk får du aktuarkompetanse i tillegg til en mastergrad i statistikk.
Med ein mastergrad i statistikk og data science har du:
Matematisk institutt finn du i Realfagbygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Miljøet er hyggeleg og uformelt, med studentar og tilsette frå heile verda. Du får eigen, fast plass på lesesalen saman med dei andre masterstudentane.
Gjennom det toårige programmet følger du emne eller spesialemne og skriv ei masteroppgåve. Nokre av emna innanfor spesialiseringane er obligatoriske, andre emne vel du i samråd med din faglege rettleiar.
Emna har vanlegvis førelesingar og grupper som basis, om lag 14 timar per veke. Du finn meir informasjon om emne, timeplanar og litteratur på spesialiseringssidene.
Masteroppgåva di skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid der du brukar formålstenlege metodar og vitskaplege framgangsmåtar i forskingsprosessen. Du samarbeider tett med ein fagleg rettleiar som har kompetanse på temaet du vel til masteroppgåva di.
Det har hittil ikkje vore vanskar på arbeidsmarknaden for kandidatar med kompetanse i statistikk. Kandidatar har blant anna fått arbeid i oljeindustrien, forsikring, helsevesen, havforsking samt undervisning og forsking ved universitet og høgskolar. Det er eit udekt behov for lærarar med kompetanse i statistikk i den vidaregåande skolen.
Les intervju med tidlegare studentarDei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren, dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Masterprogrammet omfattar to studieår (fire semester), og startar haust eller vår.
Det første året følger du emne på til saman 60 studiepoeng. Emne, timeplanar og studieplanar kjem an på kva spesialisering du vel. Det andre året skal du bruke til å arbeide med masteroppgåva, som utgjer 60 SP.
Alternativt kan du velje å skrive ei masteroppgåve som utgjer 30 studiepoeng, og følge emne på til saman 90 studiepoeng.
I masterprogrammet i statistikk og data science kan du velje mellom følgjande spesialiseringar:
Dataanalyse: spesialiseringa kan innebere at ein analyserer eit konkret datasett. Typisk nyttar ein numeriske teknikkar for å vurdere metodane som inngår i tolking av data. Det er ofte snakk om simulering gjennomført ved eigne program. Dessutan byggjer gjerne sjølve analysemetoden på tidkrevjande numeriske rutinar i tillegg til matematiske formuleringar. Studieretninga gir god bakgrunn for seinare arbeid med analyse av kompliserte datasett innanfor ulike praktiske fagfelt.
Finansteori og forsikringsmatematikk: spesialiseringa er retta mot dei metodane som trengst ved praktisk arbeid innanfor forsikring og finans. Det inneheld både modellering som byggjer direkte på sannsynsrekning og metodar for analyse av aktuelle datasett. Mastergraden i statistikk med denne studieretninga gir aktuarkompetanse.
Matematisk statistikk: spesialiseringa er retta mot å kunne forstå og videreutvikla essensielle metodar og teknikkar innan statistikk og sannsynlighetsteori. Det blir fokusert på utvikling av analytiske ferdigheitar og ein djupere forståing av stokastiske fenomen og statistisk metodikk. Spesialiseringa gir essensielle eigenskapar for å kunne møte fremtidens datadrevne utfordringar.
Du kan velje å ta første eller andre semester som utvekslingsstudent ved eit av partneruniversiteta våre.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.