Fluidmekanikk og varmeoverføring

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Emnet har som mål å gi ei innføring i fluidmekanikk og varmeoverføring. Emnet skal formidle forståing av grunnleggande matematiske modeller, korleis dei vart utleia og korleis dei kan nyttast for å løyse praktiske problem.

Innhald:

Fluidmekanikkdelen omfattar: Fluidstatikk, strøyming av væsker (inkompressibel straum) og gassar (kompressibel straum) gjennom røyrsystem og ulike typar prosessutstyr. Strøyming av væsker og gassar gjennom pakka og fluidiserte sjikt av partiklar av faste stoff. Bernoullis likning. Varmeoverføringsdelen omfattar: Leiings-, konveksjons og strålingsoverføring av varme i væsker, gassar og faste stoff. Dimensjonsanalyse og CFD-modellering (Computational Fluid Dynamics) blir forklart og brukt innanfor både fluidmekanikk og varmeoverføring.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Kan definere typiske fenomen i fluidmekanikk og varmeoverføring
  • Kan beskrive prosessar i einfase strøymingsapparatur

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar de grunnleggande matematiske modellane i fluidmekanikk og varmeoverføring
  • forklare mikro- og makroskopiske bevegelsesmengdebalansar og bruke dei til å løyse basale problemstillingar
  • kvantifiserer varmeoverføring mellom fluid og faste vegger og i varmevekslarar.

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan anvende grunnleggande matematiske modeller i prosessindustrien
  • Kan lage prinsippskisser for apparatur i prosessindustrien

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

PTEK202: 10 studiepoeng

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi.

https://www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningarog kollokvier.

Førelesningar / 4 timar pr. veke

Kollokvier / 2 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Midtvegseksamen (2 timar) utgjør 25% av karakteren.
  • Skriftleg eksamen (4 timar), utgjør 75% av karakteren.
  • I semester kor undervisning ikkje vært gitt gjelder avsluttande eksamen 100%.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler.

Tillatte kalkulatormodeller inkluderer: Casio fx-82ES PLUS and Casio fx-82EX

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarlig

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet.

Administrativt ansvarlig

Institutt for fysikk og teknologi ved Fakultet for naturvitskap og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.