Examen philosophicum - skuleeksamen

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkjemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning, og på sentrale spørsmål i samfunnsvitskapen.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for samfunnsvitskapen, til dømes kunnskapsteori, etikk, politisk filosofi og språk- og argumentasjonsteori.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrar

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar frå samfunnsvitskap og offentleg debatt

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og talet på vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen, § 8-1.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Ein skriftleg skuleeksamen (4 timar).
Karakterskala
I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant.
Emneevaluering
Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)
Programansvarlig
Utval for Examen philosophicum
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium