Organisasjonsteori
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- GOV320
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
GOV320 Organisasjonsteori skal gi eit grundig fundament for å analysere og forstå funksjonane og beslutningsprosessane i offentlege, frivillige og private organisasjonar. Hovudtemaet i emnet er samspelet og samhandlinga mellom organisasjonar og omgjevnadene deira: Korleis og når tilpassar organisasjonar seg til eksisterande omgjevnader og endringar i desse? Korleis og når påverkar organisasjonar omgjevnadene sine? Kva faktorar fører til at slike inter- og intraorganisatoriske aktivitetar finn stad (eller ikkje)?
Emnet skal gi grunnleggande kunnskap om teoretiske og empiriske spørsmål innan klassisk og moderne organisasjons- og institusjonsteori. Det skal òg gi eit godt grunnlag for å forstå korleis teoriane kan nyttast i studiar av politikk og forvaltning. Kurset dekkjer klassiske tekstar innan organisasjonsteori og analysar av den nyaste forskingslitteraturen.
I emnet blir det kombinert førelesingar, praktiske øvingar og døme frå forsking og praksis. Det blir lagt stor vekt på å førebu studentane på å bruke ulike teoritradisjonar sjølvstendig i empirisk analyse, og med det leggje grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva.
Læringsutbytte
Ein kandidat som har fullført dette emnet skal ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten:
- Har god oversikt over, og kan gi ei systematisk framstilling av, både klassisk og nyare organisasjons- og institusjonsteori
- Har solid kunnskap om, og forståing for, korleis organisasjonar og omgjevnadene deira påverkar kvarandre
- Har solid kunnskap om korleis ulike teoriar innan organisasjons- og institusjonsforsking kan bidra til å forstå korleis offentlege, frivillige og private organisasjonar tek avgjerder
- Har solid kunnskap om relevante faglege perspektiv og korleis ein kan knyte dei til ulike organisasjonar si handtering av samfunnsutfordringar
Ferdigheiter
Studenten:
- Kan forklare relevansen av organisasjons- og institusjonsteori innan offentleg forvaltning og politikk
- Kan bruke kunnskapen til å analysere aktuelle forskingsbidrag og politiske spørsmål med utgangspunkt i særtrekka ved forskingsfeltet
- Kan vurdere relevansen av faglege perspektiv frå organisasjons- og institusjonsteori og bruke desse i eiga forsking
- Kan utvikle og presentere kritisk analyse av relevant litteratur, forstå samanhengen mellom teori og empiri, og bruke denne kunnskapen i praksis
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan forklare betydninga av ulike faglege perspektiv for personar som ikkje har inngåande kjennskap til faget
- Kan bruke tileigna kunnskap i grundige og konstruktive tilbakemeldingar på skriftlege og munnlege presentasjonar
- Kan bidra til kritisk tenking og problemløysing innan ulike samfunnsområde generelt, og innan forvaltning og politikk spesielt
- Kan arbeide sjølvstendig og vise god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kan gjennomføre sjølvstendige forskings- og utgreiingsarbeid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
- AORG320A (10 sp)
- AORG320B (10 sp)
- AORG318 (10 sp)
- AORG320 (10 sp)
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som er tatt opp til masterprogram ved Institutt for politikk og forvaltning.
Innvekslingsstudenter på master nivå kan godtas etter søknad. Søknad kan avslås grunnet kapasitet.
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Presentasjon av eit kortare essay (2000 - 2500 ord) om eit pensum relatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentera ein skriftleg/munnleg bidrag frå ein annan student.
Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande semestra.
Vurderingsformer
Tre dagars heimeeksamen, om lag 5000 ord (+/- 10%, unnteke fremside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar, og vedlegg).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen tilbydd kun i eksamenssemesteret.
Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta til UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.gov@uib.no innen innleveringsfristen.