Programmering 1
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- INF100
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane ei grundig og praktisk innføring i programmering ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk.
Innhald:
Emnet dekker sentrale omgrep som bl.a. variablar, uttrykk, kontrollflyt, tabellar, og filhandtering. Øvingsopplegget inneheld innleveringsoppgåver, som er ein viktig del av emnet. I fleire av oppgåvene skal konkrete og reelle problem frå ulike naturfag løysast.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar og ferdigheiter:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner prinsippa for programmering
- forstår korleis problem kan løysast v.h.a. dataprogrammering
Ferdigheiter
Studenten kan
- implementere enkle dataprogram
- gjere bruk av tilgjengelege programbibliotek
- utvide og tilpasse kode som er skriven av andre programmerarar
- handsame strukturerte datamengder v.h.a. ein datamaskin
Fulltid/deltid
Fulltid
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Haust og vår
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesningar og gruppearbeid.
Førelesing/ 4 timar pr. veke
Gruppearbeid/ 2 timar pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Emnet vil ha obligatoriske innleveringar. Innleveringane er gyldige i to semester: Det semesteret dei er godkjente og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Skriftleg (digital) avsluttande eksamen (5 timar) der alle skrivne og trykte hjelpemiddel er lovlege.
- For å bestå emnet må tilstrekkeleg mange innleveringsoppgåver og avsluttande eksamen vere godkjende.
Karakterskala
Karakterskalaen A-F blir nytta. Karakteren A er beste ståkarakter, karakteren F betyr ikkje bestått.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle skrivne og trykte hjelpemiddel.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studierettleiar
Administrativt ansvarlig
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.