Data frå grunnen av
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- INF105
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Dette kurset er danna rundt målet om å byggja ein enkelt nettstad med eiga hosting, og vil introdusera ei rekkje informatikk-emne og førebu eit felles kontekstuelt grunnlag for seinare kurs i informtikkstudiane.
Med utgangspunkt i maskinvarekomponentar i moderne databehandlinga og køyringa av eit enkelt program diskuterer me filformat, databasar og rolla til programmeringsspråk.
Ved å sjå på datautveksling mellom program, leiar det til ein diskusjon av dei viktigaste konsepta i datanettverk frå høvesvis ein brukars og ein applikasjonsprogrammerars perspektiv. I samband med oppsett av webserveren gir kurset også ei oversikt over konsepta sårbarheiter, truslar, angrep og tryggingstiltak.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan kjenne igjen dei viktigaste maskinvarekomponentane i ei datamaskin, og beskriva korleis dei samarbeider for å køyra eit program
- kan diskutera programmeringsspråks plass som ein stabel med abstraksjonar frå maskinkode til overordna konsept
- kan beskriva korleis datalagring er organisert i filer og mapper, kjenna igjen korleis filformat er konvensjonsval
- kan bruka relasjonsdatabasar som ei alternativ lagringsorganisering
- kan beskriva formålet med normalisering av datatabellar
- kan forklara grunnleggjande nettverksprinsipp, klient-server-kommunikasjon og protokollar
- kan beskriva typiske truslar mot moderne digitale system, og skissera forsvarsteknikkar
- kan definera rolla til moderne kryptografi for tryggingssystem og protokollar
- kan kjenne igjen vansken med tryggingsproblem
Ferdigheter
Studenten
- kan bruke grunnleggjande skalkommandoar
- kan designe ein normalisert databasemodell
- kan bruke SQL til å oppretta og spørja på tvers av fleire tabellar
- kan lage ei nettside ved hjelp av HTML, CSs og enkle dynamiske element
- kan implementera tilgjengelegheitstiltak
- kan administrera eit sjølvhostet Linux (virtuell) maskin
Generell kompetanse
Studenten
- får ei forståing av moglegheitene til datateknologien i ein større kontekst
- kan bruka datautstyr under eigen kontroll, uavhengig av abonnementstenester
- er kjent med lover og etikk rundt ressurstilgang
- kan delta i samfunnsdiskusjonar om teknologiske emne rundt nettverk og tryggleik
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
www.uib.no/nt/52646/studere-ved-fakultet-naturvitenskap-og-teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Mappevurdering. Ingen slutteksamen
I mappa kan inngå m.a:
- Skriftlege oppgåver
- Programmeringsoppgåver aktivitetar under gruppetimane
- Munnlege / videopresentasjonar,
- Quizar.
Vektinga av elementa blir kunngjord i starten av semesteret
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarlig
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.