Slektskap, kjønn og sosialt liv

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

I sosialantropologien står studiet av menneskjer sine sosiale liv sentralt; korleis ein organiserer slektskapsrelasjonar, familie og ekteskap. Historisk har faget i hovudsak skilt mellom to typar samfunn: på den eine sida samfunn kor slektskap er sjølve utgangspunktet for alle institusjonar, og på den andre, samfunn kor slektskap er underordna andre institusjonar, til dømes arbeidsplassen, kyrkja eller staten.

I det første tilfellet vil studiet av slektskap vere heilt sentralt for å forstå alt sosialt liv: økonomi (til dømes fordeling av ressursar), politikk (til dømes kven som har leiarverv) og religion og tro (til dømes korleis mennesket og verda er skapt). I det siste tilfelle er slektskap noko heilt anna enn i det første tilfelle, men likevel eit sentralt system for mellom anna å ivareta relasjonar, reproduksjon og sosialisering.

Eit heilt sentralt spørsmål i analyser av sosialt liv er difor: Kva er slekt? Korleis blir sosiale relasjonar skapt? Kurset gir ein kritisk gjennomgang av korleis slektskap som primær sosial relasjon har blitt forstått, og korleis antropologiske studiar har hatt ein tendens til å leggje våre eigne kulturelle modellar til grunn for analysen av andre måtar å forstå slektskap på. I kurset samanliknar vi ulike måtar å skape slekt på; gjennom kroppslege substansar, reproduksjon, det åndelege, teknologi, med meir. Vi diskuterer korleis analyser av slektskap kan opne for nye måtar å forstå fundamentale spørsmål som kva mennesket er, kva kjønn er, og korleis sosialt liv blir forma og utvikla. Emnet vil ta utgangspunkt i etnografiske skildringar av sentrale førestillingar og praksisar som kjønn, reproduksjon, død, ekteskap, kjærleik, familie, hushold med meir.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten skal

  • ha oversikt over sosialantropologiske tilnærmingar knytt til studiet av slektskap, ekteskap og kjønn
  • ha brei komparativ etnografisk kunnskap om korleis ulike forståingar knytta til slektskap, ekteskap og kjønn blir utforma og praktisert.

Ferdigheter

Studenten skal

  • kunne anvende sosialantropologiske omgrep og perspektiv i forståinga av slektskap, ekteskap, kjønn og sosialt liv
  • kunne gjere greie for ulike analytiske perspektiv på kva slektskap er og korleis slektskap har blitt studert både faghistorisk og i nyare studiar
  • kunne reflektere over samanhengen mellom perspektiv på kva slektskap er og omgrep knytt til kjønn, person og samfunn.

Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne anvende antropologisk kunnskap, omgrep og perspektiv på relevante etnografiske eksempel
  • kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor komparative studiar av sosialt liv.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

SANT102 (10 sp)

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, arbeidsgrupper, skriveseminar, tilbakemelding på skriftleg arbeid, etnografisk film.

2-6 timer undervisning pr. veke

7- 10 veker, ca. 20 timer forelesning

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Oppgåveinnlevering undervegs på 1000 ord (+/- 10 prosent). Oppgåva må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Godkjend oppgåve er gyldig i totalt 4 semester.

Vurderingsformer

6 timers skoleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

Emnet blir karaktersatt med bokstavkarakterar A-F.

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ordbok som er førehandsgodkjent av fakultetet.

Programansvarlig

Undervisingsutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarlig

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet.