Amerika

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Det amerikanske kontinentet har blitt prega av ulik utvikling i ulike område. Trass i at mange ulike faktorar har spela inn, set ein ofte eit skilje mellom dei områda som var britiske og dei som var spanske koloniar. Emnet plukkar opp dette skiljet, og har som mål å utvikla forståing for historiske og kulturelle samanhengar og ulikheiter på tvers av dei to områda.

Innhald:

Studiet vil vera delt i tematiske blokker kan ta opp tema som «Foundations», «Identity», «Borders» og «Encounters». Konkrete tema kan variera frå semester til semester.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har tileigna seg utvida kunnskap om historiske og kulturelle samanhengar og ulikheiter på tvers av dei områda i Amerika som var britiske og dei som var spanske koloniar.
  • har forståing for korleis historiske problemstillingar pregar dagens samfunn og kulturar.
  • har ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av kultur generelt.

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å reflektera kring dei teoretiske spørsmåla studiet reiser.

Generell kompetanse

Studenten

  • har kompetanse til å halda fram med eit masterprogram i engelsk eller i spansk språk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ein rår til at studentar har gjennomført emna på 100-nivå i engelsk eller i spansk språk og latinamerikastudium, eller har eit språknivå tilsvarande B2 eller høgare i engelsk eller spansk i samsvar med the "Common European Framework of Reference for Languages".
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett til Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet har totalt 16 timar seminarundervisning gjennom semesteret. Undervisninga kan leggjast i blokk på ulike måtar.

Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer, og gjennom semesteret vil det vera stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og også gjennomfører etterarbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga for å få gå opp til vurdering i emnet.

Dersom ressursane tillèt det, kan det også verta ei obligatorisk oppgåve i løpet av semesteret. Denne må i så fall også vera godkjent før studenten kan gå opp til vurdering i emnet, og kan bestå av

  • ein gruppepresentasjon eller
  • ei skriftleg oppgåve eller
  • ein podcast eller
  • ei anna oppgåve som det vert gitt nærmare informasjon om ved semesterstart.
Vurderingsformer

Vurderinga skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen. På den munnlege eksamenen skal studenten halda ein presentasjon over eit tema som vert gjeve av faglærar ei veke før eksamen. I etterkant av presentasjonen vil studenten bli eksaminert i andre emne frå pensum. Karakteren vert sett på grunnlag av både presentasjonen og samtalen i etterkant.

Studentar på BA-programmet i engelsk gjennomfører eksamen på engelsk medan studentar på spansk språk og latinamerikastudium gjennomfører eksamen på spansk. Andre studentar kan velja om dei ynskjer å gjennomføra eksamen på engelsk eller spansk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. Det er anbefalt at studentar fullfører vurdering i det same semesteret dei følger undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarlig
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Programstyra for engelsk og for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.