Antikkens metoder og kjelder: [tema]

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Antikken er eit tverrfagleg felt som nyttar metodar, perspektiv og tilnærmingar frå ulike delar av humaniora. Gjennom undervisning og arbeid med oppgåver lærer studentane å drøfte tverrfaglege teoretiske og metodiske problemstillingar, og å vurdere og bruke historiske kjelder frå den antikke verda. Emnet skal formidle djup innsikt i metodar og kjelder frå historie og religionsvitskap, i tillegg til det rike materielle kjeldematerialet frå antikken.

I tillegg til metodisk kunnskap og ferdigheiter skal emnet gi studentane ei spesialisering i eit relevant tema innan antikken. Dei spesifikke temaa vil variere frå semester til semester, avhengig av tilgjengelege undervisningsressursar og forskingsinteresser. Instituttet kunngjer kva temaa som blir tilbydde før semesterstart.

Emnet er tilrettelagt for studentar som parallelt arbeider med ei bacheloroppgåve i historie eller religionsvitskap, men kan òg følgjast av studentar som ikkje skriv bacheloroppgåve. Emnet kan erstatte den obligatoriske HIS203 i ei ordinær historiespesialisering, eller for dei som vel spesialisering i Midtaustens historie.

Læringsutbytte

Ved avslutta emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten:

  • har kjennskap til ulike metodar og til dei grunnleggjande prinsippa for historisk og religionsvitskapleg kjeldekritikk knytt til den antikke verda.
  • er kjent med eit breitt utval av skriftlege kjelder frå antikken og dei spesielle problema som er knytte til desse.

Ferdigheiter

Studenten:

  • demonstrerer teoretiske og metodiske ferdigheiter og evne til å bruke tverrfagleg kjeldemateriale på ein kritisk og konstruktiv måte for å svare på historiske eller religionsvitskaplege problemstillingar.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan nytte kjeldekritikk i ulike samfunnskontekstar der verdien av informasjon og representativitet i ei informasjonsmengd skal vurderast.
  • har kjennskap til ulike metodar for å løyse problem og etablere ny kunnskap.
  • har systematisk trening på desse felta som kan nyttast også utanfor historie- eller religionsstudiet.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår (første gang våren 2028)

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Om lag 25 timar totalt. Undervisninga vil bestå av ein kombinasjon av førelesingar, seminar og aktive læringsaktivitetar. Dersom fem eller færre studentar melder seg på eit tema i emnet, kan instituttet innføre tilpassa undervisning i det aktuelle temaet eller avlyse det. For tema der dette kan vere relevant, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før fristen for semesterregistrering (1. februar/1. september).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere ei oppgåve på inntil 1500 ord til fastsett frist i løpet av semesteret. Oppgåva må vere godkjend for at studentane skal kunne gå opp til eksamen. Godkjende obligatoriske oppgåver er gyldige i inneverande undervisningssemester og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer

3-dagars heimeeksamen på inntil 3000 ord. Eksamen vert halden ved slutten av undervisningsblokk vår 1 (midt i vårsemesteret).

Oppgåver kan leverast på norsk, dansk, svensk eller engelsk.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Instituttet utarbeider ei obligatorisk pensumliste på om lag 1200 sider. Pensumlista vil vere tilgjengeleg innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert vurdert i tråd med UiBs kva
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Faculty of Humanities/ Department of Archaeology, History, Culture Studies and Religion
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.