Menneske, utvikling og samfunn: frå dei første menneska til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr.

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.
Læringsmål
Emnet tek sikte på å gje:
1) Ei allmenn innføring i jeger- og sankarsamfunn i tid og rom
2) Innsikt i metodar som kan kasta lys over problem med datering og fortolking av dei tidlegaste samfunna av denne typen.
3) Ei allmenn innføring i utviklinga av jordbruk og jordbruksøkonomi
4) Ei innføring i tidleg metallbruk, i utvikling av hierarkiske samfunn og urbanisering, og i materielle uttrykk som kan knytst til ideologien i slike samfunn.
5) Ei oversikt over den samfunnsmessige utviklinga fram til slutten av bronsealderen.

Fagleg innhald
Emnet handlar om dei tidlegaste menneska si biologiske og kulturelle utvikling under den eldste steinalderen frå omtrent 3 millionar år sidan fram til det moderne mennesket. Her blir den globale spreiinga av jegerar-sankarar frå Afrika til Europa, Asia, Australia og Amerika fulgt. Vidare fokuserer emnet på seinpaleolittikum og mesolittikum i Europa og Norden med spesiell vekt på koloniseringa av Norden. Også seinare tider sine jegerar-sankarar og deira samhandling med tidlege jordbrukssamfunn blir tatt opp. Sosiale og kulturelle sider av desse tidlege samfunna vert vektlagt, som teknologi og økonomisk organisering.

Emnet tar vidare opp framveksten av jordbruk i Midtausten, med utbreiing og transformasjonar i Middelhavsområdet via Søraust-Europa til Norden. Spreiinga vidare til Nildalen og Nord-Afrika, respektive det indiske subkontinent blir òg fokusert på. Dei ulike typane av jordbruksøkonomi og den sosiale og kulturelle organisasjonen til dei første jordbrukarane blir beskrive og diskutert.

Vidare belyser emnet utviklinga av hierarkiske samfunn, frå tidlege urbane samfunn, bystatar og imperia i Midtausten og Middelhavsområdet til framveksten av komplekse hierarkiske samfunn i Sentral- og Nord-Europa under sein steinalder og bronsealder. Framveksten av pastoralisme og innflytelsen på seinare neolittiske kulturar i Sentral- og Nord-Europa blir òg tatt opp.

Et viktig aspekt er framveksten av meir spesialiserte økonomiar, der metall og koppar blir tatt i bruk. Utviklinga av langvegs kontaktar og utveksling av ulike ressursar blir følgt fram til og med dei omfattande utbyttesnettverka under bronsealder.

Måten ideologiar blir uttrykte på blir vektlagd; frå dei tidlegaste indikasjonar på symbolsk åtferd til komplekse symbolske uttrykk i bergkunst og materiell kultur under tida etter den seinaste istid.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om hovudlinene i kultur- og samfunnsutviklinga og innsikt i endringar i økonomiske og sosiale tilhøve fram til 500 f.Kr.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor perioden
  • kan oppdatere kunnskapen sin innanfor perioden
  • kjenner til periodens utvikling, historie, tradisjoner, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter:
Studenten

  • kan vurdere materiell kultur frå ulik tid og ulike kulturar i samanheng,
  • kan setje seg inn i fagtekstar og skrive resonnerande tekstar.
  • kan anvende fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for sine val
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og knytte dette til ein problemstilling
  • kan anvende relevante faglige verktøy, teknikkar og uttrykksformer som er relevante for forskinga i perioden frem til 500 f.Kr.
  • kan problematisere, nytte relevant fagterminologi og drøfte arkeologiske framstillingar innan temaet.
  • kan vurdere og analysere litteratur og arkeologiske funn, og gjere sjølvstendige vurderingar.

Generell kompetanse:
Studenten

  • har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge- og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe
  • kan i tråd med etiske krav og retningsliner presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og andre relevante uttrykksformar
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
  • kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innanfor fordjupingstemaet
  • kompetanse i å planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid og i å vurdere og samanfatte informasjon henta frå ulike kjelder og sett frå ulike synsstadar kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur, formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Studiepoeng, omfang

20

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Gode kunnskapar i engelsk.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Materialkurs knytt til emnet har obligatorisk frammøte, og deltaking er ein føresetnad for å kunne ta eksamen i emnet.

Det er òg eit obligatorisk arbeidskrav å levere inn ei øvingsoppgåve på 1500 ord. Det vert eit obligatorisk seminar, der studenten skal presentere si eiga oppgåve og kommentere andre sine oppgåver. Presentering og kommentering er obligatorisk.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer
8 timar skriftleg skoleeksamen
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Instituttet utarbeider litteraturlister, pensum er om lag 2500 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.
Programansvarlig
AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
AHKR har ansvar for fagleg innhald i emnet.
Administrativt ansvarlig
AHKR har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.