Middelhavet, Nord-Europa og Norden frå ca. 500 f.Kr. til 1500 e.Kr.

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet er obligatorisk i ein bachelorgrad i arkeologi.

Læringsmål

Emnet har tre geografiske og kronologiske tyngdepunkt. Målet er at kvar av dei skal gje oversyn over:

(1) gresk og romersk kulturutvikling frå dei greske bystatane frå ca. 500 f. til oppløysinga av Romarriket ca. 550 e.Kr.

(2) Den parallelle utviklinga i Nord-Europa og Norden i same tidsspennet, frå førromersk jernalder til yngre jernalder, og byrjinga av den europeiske mellomalderen, ca. 500 f.Kr. til ca. 550 e.Kr.

(3) Utviklinga i Norge og Norden i yngre jernalder (merovingertid og vikingtid) og nordisk mellomalder, frå ca. 550 e.Kr. til ca. 1500 e.Kr.

Gjennom ei geografisk og kronologisk framstilling, skal tyngdepunkta syne likskapar og ulikskapar i kulturutviklinga i ein tidssamanheng.

Fagleg innhald

Dei tre emneområda skal gje ei innføring i samfunnsutviklinga og basisnæringane i dei ulike områda. Alle periodane syner store omskifte og utvikling, men i ulik takt, med omsyn til

samfunnsstruktur, styresett og sosial lagdeling. Strid, uro og vekslande makttilhøve, folkeflyttingar, religiøse endringar og utvikling av urbane samfunn er tilhøve som set preg på alle desse periodane. Emnet skal òg vise utviklinga i basisnæringar i område med ulike ressursar.

Overordna for alle dei tre tyngdepunkta, er å gje oversyn over og innsikt i korleis arkeologisk materiale gir grunnlag for kunnskap og for somme periodar, særleg i antikken og mellomalder, vise samspelet mellom materiell kultur og skriftkultur.

Det blir lagt vekt på å gje ei overordna framstilling av utviklinga gresk og romersk ved Middelhavsområdet frå ca. 500 f.Kr. fram til ca. 550 e.Kr. og samstundes følgje den parallelle utviklinga i Nord-Europa. I emnet har utviklinga i Norge og Norden eit større tyngdepunkt frå yngre jernalder, særleg vikingtid og nordisk mellomalder fram til ca. 1500 e.Kr.

Dei to tusen åra emnet dekker i Norden, omfattar eldre jernalder, yngre jernalder og mellomalder. Samla er perioden prega av store samfunnsendringar, m.a. med etableringa og oppløysinga av det romerske imperiet. Emnet gir eit grunnleggjande oversyn over det arkeologiske materialet frå gresk og romersk kultur, og forståing av korleis desse kulturane har påverka resten av Europa.

Emnet gir også eit tilsvarande oversyn over den parallelle Nord-Europa, som var prega av folkeflyttingar og mobilitet.

For den yngste tidbolken er det lagt særleg vekt på utviklinga og ekspansjonen frå vikingtid av (800-1050) og mellomalderen i Norge og Norden, med religionsskifte, stats- og bydanning og spesialisterte næringar.

Tolking av materiell kultur står sentralt i alle tema som blir tekne opp, men skriftlege kjelder er òg viktige når desse kjeldekategoriane opptrer parallelt, og er særleg relevant innan klassisk arkeologi og mellomalderarkeologi.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

· har grunnleggjande kunnskap om hovudliner i kultur- og samfunnsutviklinga og innsikt i endringar i økonomiske, sosiale og religiøse tilhøve, særleg med vekt på den materielle kulturen: I Middelhavsområdet ca. 500 f.Kr - 550 e.Kr og Nord-Europa ca. 500 f.Kr. - 1500 e.Kr.

· kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet

· kan oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområdet

· kjenner til fagområdet sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

· har fått god kunnskap innan og innsikt i det valde fordjupingstemaet.

Ferdigheiter

Studenten:

· har røynsle i å vurdere materiell kultur frå ulik tid og ulike kulturar i samanheng og å sette seg inn i fagtekstar og å kunne vurdere og analysere fagstoff, og dessutan kunne skrive resonnerande tekstar

· kan nytte faglig kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine

· kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing

· kan finne, vurdere og henvise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ein problemstilling

· kan nytte faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer som er relevant for forskinga på i perioden 500 f.Kr. til 1500 e.Kr.

· kan problematisera og nytta relevant fagterminologi og drøfta arkeologiske framstillingar innan temaet

· kan vurdera og analysera litteratur, identifisera viktige kategoriar av funn og gjera sjølvstendige vurderingar.

Generell kompetanse

Studenten:

· har kunnskap om relevante fag- og yrkesetiske problemstillinger

· har kompetanse i å planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid og i å vurdere og samanfatte informasjon henta frå ulike kjelder og sett frå ulike synsstader

· kan utveksle synspunkter med andre med bakgrunn innenfor fagområdet og delta i diskusjoner om utvikling av god praksis

· kjenner til nytenking og innovasjonsprosesser innenfor fordypningsemnet

· kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidle kunnskap og synspunkt derifrå, og gjere eigne vurderingar i skriftlege arbeid.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Gode kunnskapar i engelsk er viktig
Studiepoengsreduksjon
Emnet har 15 studiepoeng fagleg overlapp med ARK103, ARK104, og ARK120
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga går føre seg i første del av semesteret. Undervisninga omfattar om lag 15 forelesingar og eitt praktisk oppgåveseminar. Dersom ressursane tillét det, vert det organisert ekskursjon.

Dersom ressursane tillét det, vert det óg organisert kollokviegrupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppgåveseminar er 100 % obligatorisk å delta på
Vurderingsformer

Eksamen er ein tre dagars heimeeksamen med eit omfang på om lag 1500 ord.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk og/eller engelsk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Instituttet utarbeider litteraturlister, pensum er om lag 1200 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera faget.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Administrativt ansvarlig
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.