Innføring til kunst og teknologi i antikken, Bysants og tidleg mellomalder

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet har som mål å gje ei innføring til kunst, arkitektur og teknologi i dei tidlege høgkulturane i Midtausten (Egypt og Mesopotamia), egeisk bronsealder, gresk og romersk antikk, det tidleg austromerske (bysantinske) imperiet samt tidleg mellomalder i Vest-Europa.

Val av tematiske tyngdepunkt kan variere frå semester til semester.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor perioden
  • kan oppdatere sin kunnskap innanfor perioden
  • kjenner til periodens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og gjere greie for vala sine
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knytte dette til ein problemstilling
  • kan nytte relevant fagterminologi innan temaet.
  • kan vurdere og analysere faglitteratur

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og i gruppe
  • kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar munnleg
  • kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innanfor fagområdet
  • kan setje seg inn i ein omfattande faglitteratur og formidle kunnskap og synspunkt derifrå

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Gode kunnskapar i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Fullt fagleg overlapp (5 studiepoeng) med KUN131 og KUN105.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte på minst 75% av seminarundervisning.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen på 20 minutt.

Ein del av eksamen (10 minutt) er forberedd. 48 timar før eksamen får studenten tildelt ei oppgåve.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust.

Det er ny eksamen for studentar med gyldig fråvære på eksamen tidleg i vårsemesteret.

Litteraturliste

Pensum er på om lag 600 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant.

Programansvarlig

Programstyret for kunsthistorie.

Emneansvarlig

Fagmiljøa i kunsthistorie og arkeologi.

Administrativt ansvarlig

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier.