Kulturarv i Hellas

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Påmeldingsfrist for høst 2026:

Datoer for opphold i Hellas høst 2026:

Emnet er tverrfagleg og utforskar den greske kulturarven frå bronsealderen til tidleg nytid. Ein tek utgangspunkt i historiske topografi, kulturlandskap og historiske monument samt ulike døme på materiell, visuell, performativ og litterær kulturarv. Dei kronologiske og geografiske rammene for kurset kan variere frå semester til semester. Kulturarven til det klassiske Athen vil ofte vere i fokus, men ein kan og legge vekt på til dømes bronsealderen eller mellomalderen og andre geografiske områder som Peloponnes, Fokis, Thessaloniki eller dei greske øyane. Undervisning skjer i tilknyting til kulturminne og museum samt i lokala til Det norske institutt i Athen.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskapar om materiell, visuell og litterær kulturarv i Hellas.
  • har kunnskapar om Hellas si historiske topografi og kulturlandskap.
  • har grunnleggjande innsikt i tverrfaglege spørsmål innafor før- og tidleg moderne kulturarv i Hellas.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan handtere forskjellige kategoriar kjelder (materiell og visuell kultur, tekster, kulturlandskap), og bruke desse i eiga analyse av kulturarv i Hellas.

Generell kompetanse

Studenten

  • har røynsle med å arbeide sjølvstendig med akademiske tekstar, og gje ei skriftleg framstilling av eit fagleg problem.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Undervisningssemester

Vår eller haust, men ikkje fast.

Undervisningssted

Bergen og Hellas.
Krav til forkunnskaper
Minimum 60 studiepoeng avlagt før utreisesemesteret.
Anbefalte forkunnskaper

Minst 10 studiepoeng av dei avlagte studiepoenga bør vere frå emne med vekt på Middelhavsområdet si kulturarv.

Gode kunnskapar i engelsk.

Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Emnet har eit eige opptak og har plass til inntil 15 studentar. Søkjarar vil bli prioriterte etter karakterar og vurdering av motivasjonstekst.

Masterstudentar skal og ta med ei kort skildring (ikkje meir enn 200 ord) av eige masterprosjekt.

Ein søkjer gjennom eit digitalt skjema frå LLE sine nettsider her:

Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt under eit 2-4 vekers opphald i Hellas, i form av forelesingar og innlegg ved aktuelle kulturminne og museum. Nøyaktige datoar for opphaldet blir oppgitte i god tid på førehand.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% deltaking på undervisinga er obligatorisk.

Alle studentar skal halde eit munnleg innlegg på oppgitt emne.

Obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer
Semesteroppgåve på omlag 3 000 ord.
Karakterskala
A-F.
Vurderingssemester
Eksamen blir tilbode dei semestra det er undervising. Det er òg eksamen tidleg i det etterfølgande semesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Omtrent 1500 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførde i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarlig
Programstyret for gresk og latin.
Emneansvarlig
Programstyret for gresk og latin.
Administrativt ansvarlig
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.