Grunnkurs i helseprioriteringar
Ph.d.-kurs
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- BCEPS900
- Talet på semester
- 1
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Kursinnhold
Dette emnet introduserer deltakarane for dei sentrale metodane for prioritering innan helsefeltet. Det blir lagt vekt på å evaluere effektivitet og rettferd i helse, vurdere rettferd i prosessar og fordeling av helseresultat, og å bruke standardmetodar og praktiske verktøy som balanserer omsyn til rettferd med mål om maksimal helsegevinst.
Emnet er delt inn i ti modular:
- Prioritering på nasjonalt og globalt nivå
- Kliniske helseprioriteringar
- Etisk teori – substansiell rettferd
- Etisk teori – prosessuell rettferd
- Klimaendringar og helseprioriteringar
- Demografi og epidemiologi
- Helsefinansiering
- Helseøkonomi
- Rettferdsanalysar
- FairChoices: DCP-analytisk verktøy
Format og arbeidsmengde: Dette er hovudsakleg eit asynkront digitalt emne der undervisninga går over ti veker. Kvar modul varer i ei veke og krev om lag 7,5 timar med studentarbeid. Læringsaktivitetane inkluderer ei kombinasjon av videoførelesingar, lesing, oppgåver, gruppearbeid og diskusjonar. Studentane er venta å delta aktivt på nett og vere med på dei vekentlege «Prioriteringssamtalane» med ekspertar, etterfølgt av samarbeid i grupper i alle modular.
Læringsutbytte
Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten ha følgande læringsutbytte definert i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har forståing for dei etiske, kliniske, økonomiske og politiske grunnlaga for prioritering i helse på nasjonalt og globalt nivå.
- har kunnskap om korleis kliniske prioriteringar på individ- og tenestenivå heng saman med avgjerder på befolkningsnivå og utforming av ei pakke med essensielle helsetenester (EHSP).
- har innsikt i korleis globale utfordringar som klimaendringar, demografiske og epidemiologiske overgangar, og strukturar for helsefinansiering påverkar helseprioriteringar.
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke etiske teoriar, epidemiologiske og økonomiske data, samt analysar av rettferd for å evaluere og samanlikne helsetiltak og politikk.
- kan analysere klinisk dokumentasjon kritisk og integrere denne med data på befolkningsnivå for å støtte prioriteringar.
- er i stand til å bruke analytiske verktøy (inkludert FairChoices) og omgrep innan helsefinansiering for å bidra til utforming og revisjon av nasjonale pakkar med essensielle helsetenester og vurderingar av helseteknologi.
- kan skrive kristisk analyse av eit valt tema innan helseprioriteringar
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere kritisk over avvegingar mellom maksimal helsegevinst, rettferd, berekraft og respons på kliniske behov i prioriteringsarbeid.
- er i stand til å integrere kliniske, etiske, økonomiske og epidemiologiske perspektiv på tvers av nivå (frå pasientseng til politikk) for å bidra til rettferdige, transparente og legitime prosessar for prioritering i praksis.
Undervisningsperiode
Studiepoeng
Undervisningssted
Undervisningsspråk
Forkunnskapskrav
Krav: Grunnleggende ferdigheter i Excel-programvare. Gode arbeidskunnskaper i engelsk (TOEFL-score på minst 550 poeng papirbasert eller 213 poeng datamaskinbasert, eller tilsvarende godkjent test). Økonomar, andre samfunnsvitarar, legar, etikarar, psykologar, sjukepleiarar, tannlegar og andre med utdanning på masternivå eller høgare innan eit relevant fagområde ved ein anerkjent institusjon kan takast opp til ph.d.-kurset.
Anbefalte forkunnskapar:
- Erfaring med prioritering i helsefeltet
- Grunnleggande forståing av teoriar om fordelingsrettferd
- Grunnleggande ferdigheiter i R-programvare
Inngår i opplæringsdel
Vurderingsform
Vurderingsforma består av:
- Tre porteføljevurderingar som utgjer 3 studiepoeng
- Eitt essay som utgjer 2 studiepoeng.
Studentane vil bli vurderte i, og må bestå tre porteføljevurderingar, i tillegg til å levere eit essay om eit sjølvvalt tema, som studenten finn særskilt vanskeleg (eller utfordrande?), med relevans for prioritering i helse. Essayet skal vere basert på litteratur og metode som er aktuelt for det valte temaet, og vere på 3000-4000 ord (8-11 sider). Dette skal leverast innan fire veker etter at emnet er avslutta.