Evolusjonsbiologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet er å gi forståing for korleis evolusjon fungerar og basiskunnskap til dei viktigaste problemstillingane i evolusjonsbiologi. Emnet gir ei innføring i evolusjonsbiologi, bl.a. populasjonsgenetikk og kvantitativ genetikk, naturleg utval, tilpasing, seksuell seleksjon, slektskapsseleksjon, livshistorie evolusjon, artsdanning, molekylær evolusjon og fylogenetiske analyser.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Ein student som har fullført emnet skal ha solid kunnskap om:

  • fitness, måleininga for seleksjon, og korleis denne kan bli målt empirisk
  • årsakene til genetisk variasjon; utval i ulike former; arv; korleis desse prosessane saman resulterer i tilpassing
  • populasjonsgenetikk; korleis seleksjon, mutasjon, migrasjon (genflyt) og innavl påverkar den genetiske strukturen til populasjonar; genetisk drift, den andre viktige evolusjonære krafta
  • fylogenetisk tenking; korleis nye artar oppstår; dei viktigaste konsepta om artar
  • de evolusjonære kostnadane og fordelane ved sex
  • studiet av kvantitative karakterar og samspelet mellom arv og miljø
  • utvikling av livshistorier, inkludert parasitter og deira epidemiologiske konsekvensar
  • korleis evolusjonær tenking gir oss innsikt i menneskelege helseutfordringar
  • evolusjonen av tidlege menneske
  • evolusjon og utvikling; korleis likskap og forskjellar i kroppar oppstod på kryss av livets tre (EvoDevo)

Ferdigheiter:

Etter fullført emne kan studenten:

  • motargument mot evolusjon; kunne kritisk vurdere populariserte tekster som tar opp evolusjonære emne eller brukar evolusjonær argumentasjon
  • formulere solide, testbare evolusjonære hypotesar for ei rekke biologiske fenomen
  • lese og forstå mykje av den sekundære og primære forskingslitteraturen innan evolusjonsbiologi
  • bruke evolusjonære prinsipp i eiga forsking

Generell kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten:

  • ha ei betre forståing av korleis evolusjonsvitskap generer kunnskap ved hjelp av hypotesetesting, systematiske observasjonar og den komparative metoden
  • betre kunne skilje vitskapleg argumentasjon frå uvitskapleg argumentasjon
  • ha fått erfaring med ulike læringsmetodar (lesing, diskusjonar, føredrag, videoar, datasimuleringar) i biologi
  • kunne bruke evolusjonsbiologi som eit kraftfullt verktøysett for å undersøke nåverande endringar i biodiversitet og adressere framtidige utfordringar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Studentar som har emnet som obligatorisk emne i grada si har førsteprioritet på emnet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veke 3.

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesing/orienteringsmøte, og du risikerer derfor å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første førelesing/orienteringsmøte må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første førelesing/orienteringsmøte finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Studentar som har emnet som obligatorisk emne i graden er garantert plass dersom dei søkar innan søknadsfristen.

Dersom det er fleire studentar enn plassar, får studentane tilgang til emnet etter følgjande prioritering:

  1. Studentar på masterprogrammet i biologi/fiskehelse/havbruk
  2. Studentar på masterprogrammet i molekylærbiologi
  3. Studentar i 5. eller 6. semester på bachelorprogrammet i biologi
  4. Studentar i 5. eller 6. semester på bachelorprogrammet i molekylærbiologi
  5. Studentar på andre bachelor- og masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi
  6. Studenter med poststudierett

For nokre emne er det ein eigen kvote med plassar for innvekslingsstudentar. Innvekslingsstudentar som har fått emnet forhandsgodkjent er garantert plass. Andre innvekslingsstudentar kan søke opptak til emnet i undervisningsopptaket, men er ikkje garantert plass.

Krav til forkunnskaper
Emnet kan normalt takast i 5. eller 6. semester på bachelornivå, i 1. eller 2. semester på masternivå og etter utdanningsplanen for integrerte masterprogram.
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet består av ca. 15 doble timar med undervisning i form av førelesningar kombinert med gruppediskusjoner. I tillegg er det 5 doble timar med team-basert undervisning. Det er forventa at studentane les dei aktuelle delane i pensumboka før dei møter opp til undervisning.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Sjølv om det ikkje er obligatorisk å møte på førelesningane, skjer mykje av aktiviteten der og læringseffekten vil bli avgrensa dersom ein vel å ikkje delta aktivt.
Vurderingsformer

Mappevurdering

  • Digitale oppgåver (20% av karakteren).
  • Skriftleg deleksamen (40% av karakteren).
  • Munnleg eksamen (40% karakteren).

Alle dei tre delane må gjennomførast i undervisningssemesteret for å få karakter i emnet og er berre gyldige i semesteret dei blir gjennomført i.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Tidlegare evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
  • Skriftleg deleksamen: Ingen
  • Munnleg eksamen: Pensumbok og 1 stk A4-ark med eigne notat
Programansvarlig
Programstyret i biologi har det faglige ansvaret for emnet.
Administrativt ansvarlig
Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.