Palaeoøkologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- BIO250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Paleoøkologi er studiet av økologien i fortida der ein brukar ulike typar fossil funne i avsetjingar som eit indirekte bevis for artsamansetning i tidlegare tider, artsutbreiing og deira etablering etter istida, og korleis miljø, klima og menneskeleg påverknad på landskapet har vore med på å forme desse endringane. Målet med emnet er å formidle heilskapleg forståing for generelle og spesielle hendingar og tema der paleoøkologiske metodar kan nyttast for å få kunnskap om desse. Tidsskalaer blir rekonstruert ved ulike dateringsmetodar. Tema kan dekke heile jorda si historie, men fokus er sett på utvikling og endringar i som har funne stad i den mellomistida vi er inne i no, holosen.
Det vert lagt vekt på utvikling av praktiske ferdigheiter og presentasjon av eigne data som kjem fra. Emnet nyttar artiklar og nettressursar til undervisning i førelesningar, felt- og labkurs, seminardiskusjonar og klasseaktivitetar.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
- kan definere sentrale omgrep innan paleoøkologi og kjenne til breidd og mangfald innan fagområdet
- kan planlegge og gjennomføre ei enkel paleoøkologisk studie
- kjenne til ulike metodar og strategiar for innsamling av data
- kan bruke relevante typar data til paleoøkologiske studie med ulike tema
- kan bruke sin kunnskap til å samankople ulike typar data og studiar med ulik tidsskala
Ferdigheiter:
- kan formulere forskingsspørsmål og planlegge og gjennomføre enkelt feltarbeid i forhold til forskingsspørsmålet
- kan samle inn materiale med russerbor
- kan identifisere og skildre ulike typar sediment og ulike typar fossil (t.d. pollen og plantemakrofossil) og vite deira miljømessige betyding
- kan framstille eigne data i tabellar og figurar og tolke eigne data på ulik tids- og romleg skala
- kan gjennomføre søk etter relevant litteratur og presentere hovudfunna for andre på emnet
Generell kompetanse:
- kan finne relevant litteratur som belyse aktuelle problemstillingar innan paleoøkologi
- kan diskutere ulike studiar og utveksle synspunkt i faglege diskusjonar
- kan demonstrere evner til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre
- kan presentere, diskutere og vurdere primærkjelder og eigne data
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på MittUiB.
Studentar som har emnet som obligatorisk emne i graden er garantert plass dersom dei søkar innan søknadsfristen.
Dersom det er fleire studentar enn plassar, får studentane tilgang til emnet etter følgjande prioritering:
- Studentar på masterprogrammet i biologi/fiskehelse/havbruk
- Studentar på masterprogrammet i molekylærbiologi
- Studentar i 5. eller 6. semester på bachelorprogrammet i biologi
- Studentar i 5. eller 6. semester på bachelorprogrammet i molekylærbiologi
- Studentar på andre bachelor- og masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi
- Studenter med poststudierett
For nokre emne er det ein eigen kvote med plassar for innvekslingsstudentar. Innvekslingsstudentar som har fått emnet forhandsgodkjent er garantert plass. Andre innvekslingsstudentar kan søke opptak til emnet i undervisningsopptaket, men er ikkje garantert plass.
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning gis i form av førelesningar, feltkurs, lab-arbeid, diskusjonar og studentpresentasjonar.
Feltkurs og laboratoriearbeid er obligatorisk.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Forskingsoppgåve (inkluderar feltkurs, labarbeid, presentasjon av resultat i ein poster og ein kort rapport), deltaking i diskusjonar og øvingar og podkast.
Alle delane må gjennomførast i undervisningssemesteret for å få karakter i emnet og er berre gyldige i semesteret dei blir gjennomført i.
Vurderingsformer
Mappevurdering der karakteren er basert på:
- Individuelle oppgåver (utgjer 25% av karakteren)
- Feltarbeid, labarbeid og presentasjon av resultat frå forskingsoppgåva som poster og ein kort rapport i grupper (utgjer 50% av karakteren)
- Podkast laget i gruppe om eit utvalt tema (utgjer 25% av karakteren)
Sjå meir informasjon om postersesjonen og sjekk ut tidlegare posterar her.