Fiskebiologi II - Fysiologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- BIO291
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet Fiskebiologi II - fysiologi gjev ei innføring i funksjonelle fysiologiske tilpassingsmekanismar til fisk i forhold til sitt miljø. Studenten bør difor ha forståing for grunnleggjande fysikk og kjemi i forhold til desse mekanismane og til miljøet. Ein viktig del av faget omhandlar funksjonelle fysiologiske reguleringsmekanismar. Emnet er tilpassa ei vidare fordjuping innan fiskebiologi.
Emnet gjev ei innføring i følgjande grunnleggjande fysiologiske prosessar hjå fisk: ione- og osmoregulering, syre-basebalanse, smoltifisering, endokrinologi, stress, immunologi, symjing og eigenvektsregulering, hjarte-karsystem og sirkulasjon, respirasjonsmekanismar, gasstransport, sansing, melting (fordøyelse), energetikk og vekst, reproduksjon, fiskeegg- og larven sin fysiologi, immunologi og tilpassingar til temperatur.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten kunna:
- presentera og forklare sentrale fysiologiske prosessar hjå fisk
- illustrera fysiologiske prosessar og tilpasningar med døme
- drøfte korleis ulike fysiologiske prosessar vert regulere
- forklare korleis ulike fysiologiske prosessar er tilpassa miljøet fisken lever i
Studiepoeng, omfang
Undervisningssemester
Haust.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Studentar som har emnet som obligatorisk emne i graden er garantert plass dersom dei søkar innan søknadsfristen.
Dersom det er fleire studentar enn plassar, får studentane tilgang til emnet etter følgjande prioritering:
- Studentar på masterprogrammet i biologi/fiskehelse/havbruk
- Studentar på masterprogrammet i molekylærbiologi
- Studentar i 5. eller 6. semester på bachelorprogrammet i biologi
- Studentar i 5. eller 6. semester på bachelorprogrammet i molekylærbiologi
- Studentar på andre bachelor- og masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi
- Studenter med poststudierett
For nokre emne er det ein eigen kvote med plassar for innvekslingsstudentar. Innvekslingsstudentar som har fått emnet forhandsgodkjent er garantert plass. Andre innvekslingsstudentar kan søke opptak til emnet i undervisningsopptaket, men er ikkje garantert plass.