Ordinasjon og gradientanalyse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet introduserer multivariate statistiske verktøy for å analysere og tolke økologiske data.Det består av førelesingar og datalaboratorium som dekkjer direkte og indirekte ordinasjon, cluster-analyse og regresjonstre. Emnet vert avslutta med ein heimeeksamen som omfattar både teoretiske og praktiske sider ved kurset.

Læringsutbytte

Etter å ha fullført emnet skal studentane kunne:
  • Forklare kvifor dei statistiske eigenskapane til økologiske data krev eigna metodar
  • Forklare kvifor ein bør føretrekke parsimoniske modellar og metodar
  • Skildre fordelar og ulemper ved ulike numeriske metodar
  • Velje og bruke eigna teknikkar for å analysere data
  • Tolke diagnostikk
  • Bygge parsimoniske modellar
  • Lage og tolke relevante grafar
  • Ha nokre av dei statistiske ferdigheitene som trengst til masteroppgåva

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskaper
Bachelor i biologi eller tilsvarande. Det er eit krav for opptak til emnet at du er tatt opp til masterprogram ved Institutt for biovitenskap. Studentar på integrerte 5-årige masterprogram må ha oppnådd minimum 180 studiepoeng for å få opptak til emnet.
Anbefalte forkunnskaper
BIO300B Biostatistikk (5 studiepoeng), eller tilsvarande.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram ved Fakultet for naturvitskap og teknologi eller ph.d.-utdanninga og at du oppfyller forkunnskapskrava.
Arbeids- og undervisningsformer
Praktiske øvingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Hjemmeeksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.