Prinsipp for økosystemforvaltning

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Å gje studentane ei forståing av kjerneomgrepa i økosystemforvaltning og deira økologiske grunnlag, med særleg vekt på terrestriske økosystem. Gjennom førelesingar og seminar vil emnet introdusere eit breitt spekter av tema innan økosystemforvaltning, inkludert: utveljing av verneområde, habitatforvaltning for biologisk mangfald, vern utanfor verneområde, restaurering av økosystem, forvaltning av fleire økosystemtenester inkludert karbonlagring, og dei materielle og ikkje-materielle verdiane til økosystem. Emnet vil gje studentane innsikt i både dei viktigaste økologiske prinsippa som ligg til grunn for desse ideane, som metasamfunnsteori og suksesjonsdynamikk, og dei filosofiane som støttar forvaltningskonsept.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studentane:

  • Forstå korleis og kvifor økologisk vitskap informerer økosystemforvaltning
  • Ha kunnskap om eit breitt spekter av forvaltningsprinsipp
  • Kunne skriftleg skildre sentrale økologiske teoriar som ligg til grunn for økosystemforvaltning
  • Forstå sentrale debattar knytt til økosystemforvaltning
  • Kunne bruke kjerneprinsipp for forvaltning i ulike «verkelege» forvaltningssituasjonar

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (blokkundervisning tidleg i semesteret)

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Studentar som har emnet som obligatorisk emne i grada si har førsteprioritet på emnet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veke 3. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesing/orienteringsmøte, og du risikerer derfor å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første førelesing/orienteringsmøte må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første førelesing/orienteringsmøte finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Krav til forkunnskaper
30 studiepoeng i økologi på bachelor- eller høgare nivå
Krav til studierett
Emnet er hovudsakleg opent for studentar på masterprogrammet i biologi.
Vurderingsformer

 Skriftleg eksamen, der studentane skal bruke prinsipp frå emnet på reelle situasjonar innan forvaltning.

Midtvegs i emnet skal studentane gjennomføre prøveeksamen med oppgåver knytte til forvaltningsscenario, og vurdere kvarandre sitt arbeid i denne samanhengen.

Karakterskala
Bokstavkarakter A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Tidlegare evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Programansvarlig
Programstyret i biologi har det faglige ansvaret for emnet.
Emneansvarlig

Emneansvarlig og administrativ kontaktperson finn du på MittUiB, kontakt eventuelt

studieadministrasjonen på instituttet.

Administrativt ansvarlig
Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.